Pyramidane ved Giza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pyramidane ved Giza.

Pyramidane ved Giza er ni egyptiske pyramidar som ligg sørvest for Giza, ein forstad til Kairo. Den største av dei alle er Kheopspyramiden, grava til faraoen Khufu, som er det einaste av verdas sju underverk frå oldtida som framleis står. I tillegg står det to litt mindre og seks små pyramidar her. Sfinksen, egyptiske tempel og graver av typen mastaba ligg også i området.

Dei tre store pyramidane blei bygd mellom 2600 og 2500 f.Kr. Pyramidane ligg på Gizaplatået, eit ørkenområde 8 kilometer unna Giza på vestbreidda av Nilen og rundt 25 km sørvest for Kairo sentrum. Fornminnene i Memfis-området, med pyramidane ved Giza, er blitt rekna som verdsarv av UNESCO sidan 1977.

Bygg[endre | endre wikiteksten]

Pyramidane er bygde av granitt, kalkstein og soltørka mursteinar. Steinblokkene kunne vega 2–3 tonn. Til Kheopspyramiden, som har ein grunnflate på 230×230 meter, brukte ein opp mot 2,5 millionar slike blokker.

Kheopspyramiden var opphavleg 146 meter høg, 139 etter at han mista kalksteindekket sitt. Pyramiden var det høgaste byggverket i verda fram til 1300, då tårnet til Domkyrkja i Lincoln raga høgare. Khefrenpyramiden er 136 meter høg, medan Menkaurepyramiden er 65,5 meter høg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pyramidane ved Giza
Spire Denne historieartikkelen som har med Egypt og arkitektur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.