Gjetarhund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Border collie gjeter sauar med eit blikk.

Gjetarhundar er hundar som passar på og gjetar husdyr, til dømes sau. Visse hunderasar, som border collie, er blitt spesielt utvikla til denne typen arbeid.

Ein gjetarhund må kunne gjeta utan å gå til åtak. I tillegg finst det grunnleggjande kunnskap hunden må læra før han kan gjeta. Mellom anna må hunden læra å forstå teikn gjevne av eigaren.

Mange valpar etter gjetarhundar har allereie eit gjetarinstinkt. Ein god gjetarhund som følgjer alle teikn kan vera verdt opptil 50 000 kroner.