Glärnisch
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[[Kategori:Feil i uttrykket: Uventa operatør, <m-toppar i Sveits]]
| Glärnisch | |
| Bächistock | |
| fjell | |
|
Glärnisch med breen Glärnischfirn, sett frå vest
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Glarus-Alpane |
| høgd | 2 914 moh |
| skardhøgd | 966 m |
| koordinatar | |
Glärnisch, òg kalla Bächistock, er eit 2 915 meter høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Glarus og reiser seg over dalen der elva Linth renn. Glärnisch består av fleire toppar, der den høgste heiter Bächistock. Vrenelisgärtli på 2 904 meter og Ruchen på 2 901 meter er dei andre høge toppane.
Fjellpartiet Glärnisch består av to ryggar på begge sider av isbreen Glärnischfirn. Ruchen lengst i vest stig meir enn 2 000 meter over vatnet Klöntalersee.
Berggrunnen i Glärnisch er dominert av kalkstein frå jura og krit.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Glärnisch» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2011.