Glenn Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glenn Miller

Glenn Miller (1. mars 190415. desember 1944) var ein amerikansk orkesterleiar og trombonist.

Miller var fødd i Clarinda i Iowa. Som barn flytta han med familien til North Platte i Nebraska. Den musikalske karrieren starta då faren hans kom heim med ein mandolin, som raskt blei bytt til eit horn, som han ofte øvde på.

Miller starta i slutten på 1930-talet orkesteret som seinare blei berømt og gjorde «Miller-soundet» kjend. Blant mange kjende melodiar er «In the Mood», «Tuxedo Junction», «Chattanooga Choo Choo», «Moonlight Serenade» og «Pennsylvania 6-5000».

I byrjinga av 1940-talet medverka orkesteret i fleire spelefilmar og i 1953 kom filmen The Glenn Miller Story som handla om Glenn Miller, spelt av James Stewart, og orkesteret hans.

Miller gjorde militærteneste i US Army Air Force under andre verdskrig og i samband med eit tokt over Den engelske kanal omkom han. Verken flyet eller Miller blei funne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.