Godfrey Kneller
Godfrey Kneller (opphavleg Gottfried Kniller) (8. august 1646–19. oktober 1723) var ein tysk-britisk portrettmålar, verksam i England. Komponisten Andreas Kneller var bror hans.
Liv og gjerning [endre]
Kneller var fødd i Lübeck og vart utdanna i Nederland under leiing av Ferdinand Bol. Han var også på studiereiser, mellom anna i Italia.
Frå 1674 arbeidde Kneller som portrettmålar i England. Midt på 1680-talet var han den leiande portrettkunstnaren i landet, ein posisjon han tok over etter Peter Lely. I 1688 vart han utnemnd til hoffmålar for den komande kong Villiam, saman med John Riley som døydde tre år seinare. Resten av livet levde Kneller av å måle portrett av så å seie alle samtidige, kunstinteresserte engelske stormenn.
Kneller dreiv ein verkstad med stor produksjon, noko som gjer at ein del av måleria hans er lite originale. I sine beste arbeid viste han derimot stor vitalitet.
Han vart teken opp i adelsstanden i 1715.
Kneller døydde av feber i London i 1723.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Godfrey Kneller» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2012.