Gosforth i Newcastle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gosforth High Street, hovudgata i Gosforth

Gosforth er ein lut av byen Newcastle upon Tyne i England som ligg nord for sentrum, og hadde i 2001 eit folketal på 23 620 ifølgje folketeljinga det året. I tida frå 1895 fram til 1974 var Gosforth ein eigen administrativ eining i form av eit bymessig distrikt (såkalla 'urban district'), ein lokal styringsform som galdt mindre byar. Men i 1974 vart Gosforth innlemma i byen Newcastle.

Stadnamnet Gosforth, som finnast fleire stader i England, er frå gamal tid. Sistelekken -forth, som er det same som ford og det tyske furt, tyder vad, altså ein stad der det er mogleg for folk og fe å krysse ei elv eller eit vatn ved å gå på botn. Fyrstelekken Gos reknar ein med syner på eit eller anna vis til symjefuglen gås, og då korkje villgås eller tamgås treng å gå på botn for å krysse vatn, er det lansert teoriar om at det i gamal tid, helst i førkristen tid, har vore ofra slike fuglar ved vad med dette namnet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Teorier om at førkristne offerstader kan ha vore knytt til vadestader, sjå:

  • Amstadt, Jakob. 1991. Südgermanische Religion seit der Völkerwanderungszeit. Stuttgart, Berlin, Köln: Verlag W. Kohlhammer. ISBN 3-17-011281-3

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Gosforth, ein landsby i Cumbria i Nordvest-England som er vidgjeten for at det på ein høgkross i stein og eit fragment av eit anna steinmonument er relieffbilete som er tolka som skildringar av hendingar i nordisk førkristen mytologi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]