Grímsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grímsey
Fugleklipper på Grimesey
Fugleklipper på Grimesey
Geografi
Grimsey map.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 66°33′N 18°00′WKoordinatar: 66°33′N 18°00′W
Areal 5,3 km²
Administrasjon
Land Island
Demografi
Folketal 102 (2005)
Folketettleik 19,2 /km²

Grímsey er ei lita øy 40 km nord for Island direkte på Polarsirkelen. Øya er 105 meter høg, 4,7 km lang og 1,7 km brei. Ho ligg 39,4 km nord for Flatey i Skjálfandi. Grímsey er ein kommune (hreppur) kalla Grímseyjarhreppur og høyrer til sýsla Eyjafjarðarsýsla.

Øya er 5,3 km² og det nordlegaste busette området på Island med eit folketal på 102 (2005). Hovudnæringa er fiske. Øya har båtsamband til Dalvík på sjølve Island og har i tillegg ei 1200 meter lang flystripe med regelmessige flyruter til Akureyri.

Ei segn skal ha det til at polarsirkelen går midt gjennom senga til presten på Grimsey, men dette er lite truleg sidan sirkelen flyttar seg nokre meter kvart år. Sirkelen går berre 600 meter frå nordspissen av øya, mens bygda ligg på sørvestkysten.

Den høgaste temperaturen som er målt på Grimsey er 26 °C, som er meir enn ei grad høgare enn varmerekorden i Reykjavík.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]