Grønsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jåsundbrua inst i Grønsfjorden ved innløpet til Lenesfjorden

Grønsfjorden eller Grønsundsfjorden er ein fjord som ligg på grensa mellom kommunane Lindesnes og Lyngdal i Agder fylke. Fjorden er 12 km lang, og går frå Vaholmen sør for Austre Seli og langs heile vestsida og nordsida av sjølve Lindesneshalvøya. Ved Jåsund ligg innløpet til Lenefjorden som held fram vidare nordover. Samla sett er lengda frå innløpet til Grønsfjorden til botn av Lenesfjorden 20 km.

På det djupaste, utanfor Hundingsland, er fjorden 172 meter djup, medan han er grunnast inne ved Jåsund der han berre er 3,5 meter djup.

Bortsett frå øya Austre Seli ligg Revøy på vestsida av fjorden. Revøy har brusamband over til fastlandet over Revøysundet. Bortsett frå nordsida inst i fjorden, er begge sidene av Grønsfjorden vidare innover fjorden forholdsvis glatte med få store bukter og viker. Midt i fjorden ligg to små øygrupper, Førøyan og Midtfjordøyane. Nordaust for Førøyan ligg Epledalsbukta, medan Hovdebukta ligg nord for Midtfjordøyane. Like før Jåsund ligg Osevågen eller Åsevågen nord for sundet. Innløpet til vågen er smalt, berre om lag 60 meter breitt.