Lindesnes kommune
| Lindesnes kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1029 |
| Fylke | Vest-Agder |
| Adm.senter | Vigeland |
| Areal | 316 km² |
| Folkemengd | 4 761 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011) | Janne Fardal Kristoffersen (H) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.lindesnes.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Lindesnes kommune på Commons | |
Lindesnes er ein kystkommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Lyngdal i vest, Audnedal i nord og Marnardal og Mandal i aust. Kommunen har ei kystline på vel 90 km. Sjølve Lindesnes ytst på Lindesneshalvøya er det sørlegaste punktet på fastlandsnoreg (57°58'46"N).
Innhaldsliste |
Historikk [endre]
Då dei tidlegare kommunane Spangereid, Vigmostad og Sør-Audnedal blei slått saman i 1964 valde dei namnet Lindesnes på den nye kommunen.
Landskapet [endre]
Langs kysten austover mot Mandal kommune er det ein fin skjergard med friluftsområde av nasjonal verdi og fleire freda fuglereservat. Den meteorologiske stasjonen ved Lindesnes fyr har den høgaste årsmiddeltemperaturen i Noreg.
Landskapet i kommunen er småkupert, og stig frå havnivå til rundt 350 m.o.h. i nord. Berggrunnen er stort sett samansett av granitt og granittiske gneisar, og lausmasse-avsetjingane er hovudsakleg konsentrerte til elvedalane. Plantelivet i dei lågare delane av Lindesnes har varmekjære treslag, medan bjørk og furu dominerer høgare oppe.
Kommunen har eit hovuddalføre, Audnedalen, som strekker seg frå sør mot nord. Her renn elva Audna som var det første fullkalka vassdrag i Noreg. Takket vere kalkinga er det nå etablert ein ny og livsfrisk lakse- og sjøaurestamme i elva.
Tettstader [endre]
Verdt å vitja [endre]
- Lindesnes fyr
- Sjølingstad Uldvarefabrik
- Svinør på Svinøy
- Lindesnes Bygdemuseum
- Galleri Gustav Vigeland
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| Audnedal · Farsund · Flekkefjord · Hægebostad · Kristiansand · Kvinesdal · Lindesnes · Lyngdal · Mandal · Marnardal · Sirdal · Songdalen · Søgne · Vennesla · Åseral | ||