Lyngdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lyngdal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1032
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Alleen
Areal 391 km²
Folkemengd 8 011 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007) Ingunn Alice Biktjørn Foss (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.lyngdal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1032.svg
Lyngdal kommune på Commons

Lyngdal er ein kommune sør i Vest-Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal er ein kystkommune, som grensar til kommunane Farsund, Kvinesdal, Hægebostad, Audnedal og Lindesnes. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 m.o.h. Kommunen si noverande grense fekk han etter samanslåinga av Lyngdal, Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963.

Lyngdal kommunestyre har 29 medlemer. Etter kommunevalet i 2003 var fordelinga slik: KrF 7, A 5, H 5, FrP 5, SP 3, V 2 og SV 2.

Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'. Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Personar med tilknytting til Lyngdal[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°8′17.8″N 7°4′6.1″E