Grand Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Map showing the Grand Banks

Grand Banks er ei gruppe undervassplatåer sørvest for Newfoundland. Området er relativt grunt med 25 til 100 meter djupn. Den kalde Labrador straumen blandar seg her med det varme vatnet frå Golfstraumen. Blandinga av vatnet frå desse to straumane og forma på botnen løfter næringsstoff frå botnen opp til overflata. Dette området er difor eit av dei beste fiskeområda i verda. Her er også svært mykje sjøfugl.

Blandinga av varme og kalde straumar gjer også at dette er ei av dei stadene i verda med mest tåke.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.