Labradorstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Labradorstraumen.
Eddyar i Labradrostraumen

Labradorstraumen er ein kald havstraum i Nord-Atlanteren som renn frå Nordishavet og gjennom Labradorhavet, sørover langs kysten av Labrador, rundt Newfoundland og vidare sørover langs austkysten av Nova Scotia. Han er eit framhald av Vestgrønlandstraumen og Baffinøyastraumen.

Labradorsjøen møter den varme Golfstraumen ved Grand Banks søraust for Newfoundland og igjen nord for Outer Banks ved Nord-Carolina. Kombinasjonen av desse to straumane produserer tett tåke og er eit av dei rikaste fiskeområda i verda.

Om våren og tidleg på sommaren fører straumen isfjell med seg frå isbreaneGrønland sørover til skipsrutene i Atlanterhavet.

Vatnet i Labradorstraumen har ein avkjølande effekt på austkysten av Canada og New England, men har sjeldan innverknad på farvatnet sør for Cape Cod. Dette kan ein tydeleg sjå ved at den nordlege trengrensa er så mykje som 15 grader lenger sør her enn i Sibir, Europa og det vestlege Canada.

Ein trur at transporten til Labradorstraumen har ein stor barotropisk komponent. Tidlege estimat indikerer at straumen kan vere 30 % kraftigare enn den geostrofiske utrekninga indikerer på grunn av ein vesentleg barotropisk straumkomponent. (Hayes and Robe, 1978). Greenberg og Petrie (1988) rekna ut den totale transporten til 7,6 Sverdrup (ein Sverdrup (Sv) er lik 106 kubikkmeter per sekund). Den geostrofiske transporten vart utrekna til å vere berre 4,1 Sv. Med ein 30 % auke (på grunn av barotropisk straum) er tranporte berre 5,3 Sv så ein trur at dei høge transportverdiane kjem av at ein har fått med djuphavsstraumar som indikert av djupvassmålingar. Snøggleiken til Labradorstraumen er om lag 0,3–0,5 m/s langs kanten av kontinentalsokkelen (Greenbergand Petrie, Reynaud et al., 1985.) Labradorstraumen er om lag 100 km brei og 150 meter djup og passerer gjennom Avalon-kanalen og deler seg i rundt Flemish Cap[1]).

Labradorstraumen har ein tendens til stundom gå lenger sør og/eller aust enn vanleg. Dette kan vere farleg for skipstrafikken, sidan han kan føre isfjell til område av Atlanteren der ein vanlegvis ikkje finn dei. Straumen er kjend for å ha ført isfjell så langt sør som til Bermuda og så langt aust som Asorane. Den internasjonale ispatruljen vart oppretta for å spore isfjell, mellom anna dei ein finn i område der dei sjeldan er.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petrie, B., and A. Isenor, 1985: The near-surface circulation and exchange in the Newfoundland Grand Banks region, Atmosphere-Ocean, 23(3), 209-227: http://web.archive.org/web/20101121151929/http://www.cmos.ca/Ao/articles/v230301.pdf
  2. http://www.semp.us/publications/biot_reader.php?BiotID=377 The "Meandering Labrador Current" paragraph

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]