Grand Cornier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°03′08″N 7°36′42″E
Grand Cornier
fjell
none  Nordveggen av Grand Cornier ovan om Zinalbreen
Nordveggen av Grand Cornier ovan om Zinalbreen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 3 962 moh
skardhøgd 430 m ↓  mot Dent Blanche
koordinatar 46°03′08″N 7°36′42″E
Lettast tilkomst PD+
Førstestiging av Edward Whymper, Christian Almer, Michel Croz, F. Biner
 - dato 16. juni 1865
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Grand Cornier er eit 3 962 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Toppen ligg to kilometer nord for toppen av Dent Blanche.

Fyrstebestiginga fann stad 16. juni 1865Edward Whymper, Christian Almer, Michel Croz og Franz Biner kleiv til topps. Elva Borgne har sine kjelder frå breane Glacier de Ferpècle og Mont Minébreen ved foten av Grand Cornier.

Normalruta til Grand Cornier går frå Moiry-Hütte over den sterkt oppsprukne breen Moirybreen sørøver mot ein fortopp (3 843 m) og til slutt langs nordvestegga med litt klatring til toppen av fjellet. Turen til fortoppen kan ein også nå med ski i skisesongen. Også Mountet-Hütte er eit vanleg utgangspunkt for ein topptur til Grand Cornier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]