Dent Blanche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°02′03″N 7°36′43″E
Dent Blanche
fjell
none  Nordryggen på Dent Blanche
Nordryggen på Dent Blanche
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 357 moh
skardhøgd 900 m ↓  mot Matterhorn
koordinatar 46°02′03″N 7°36′43″E
Lettast tilkomst Klatring
Førstestiging av Thomas S. Kennedy, William Wigram, Jean-Baptiste Croz, Johann Kronig
 - dato 18. juli 1862
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Dent Blanche er eit fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Med sine 4 357 m er det ein av dei høgste fjelltoppane i Alpane. Av toppar med ein primærfaktor på minst 300 meter, er det den sjuande høgste.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

På toppen av Dent Blanche møtest tre ulike fjellrekker. Dei tre dalane som vert fråskilde av dei er Val d'Hérens, Val d'Anniviers og Mattertal. Landbyane i dei er høvesvis Evolène, Zinal og Zermatt og ligg om lag like langt frå fjellet.

Dent Blanche ris i fire fjellvegger over fire isbrear. Nordaustsida reiser seg over Glacier de Grand Cornier (del av Zinalbreen), søraustsida ris over Schönbielgletscher (del av Zmuttgletscher), sørvestsida ris over Glacier de Manzettes (del av Glacier de Ferpècle), medan nordvestsida av Dent Blanche ris over ein bre som ber namn etter fjellet.

Dei fire eggene samsvarar nesten nøyaktig dei fire hovudretningane. Vestegga er kalla Arête de Ferpècle og austegga heiter Arête des Quatre Ânes. Hytta Bivouac de la Dent Blanche ligg på Col de la Dent Blanche (3 531 m) ved foten av nordegga Også ved foten av søregga ligg ei fjellhytte, egga normalruta går langs.

I området rundt Dent Blanche finst mange 4 000-meterstindar. Ober Gabelhorn i vest, Dent d'Hérens og Matterhorn i sør er dei næraste høge fjelltoppane.

Dent Blanche sett frå Val d'Hérens

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrstebestiginga vart føreteken langs søregga (Wandfluegrat), den minst vanskelege ruta til topps og dagens normalrute. 12. juli 1862 nådde Thomas S. Kennedy nesten til topps, få dagar etter ein tur opp i austveggen av den då ubestegne Matterhorn, saman med fjellføraren Peter Taugwalder og sonen hans. Men etter eit lite uhell nekta Taugwalder å halde fram. Berre seks dagar seinare nådde likevel Kennedy toppen saman med William Wigram, Jean-Baptiste Croz og Johann Kronig, trass i lite gunstige vertilhøve.

Ei rute på vestegga vart kliven fyrste gong 11. august 1882 av John Stafford Anderson, G. P. Baker og fjellførarane Alois Pollinger og Ulrich Almer. Dei starta frå Mountet-hytta og kom til topps etter 12 timar med vanskeleg klatring på ei farleg egg med utsikt til nordsida av fjellet. På toppen utbraut Almer: "Vi er fire esel". Namnet på egga har sidan vore Arête des Quatre Ânes eller Viereselsgrat (=Fireeselegga).

Nordegga vart kliven i 1889. 28. august var O. G. Jones, F. W. Hill og fjellførarane E. Furrer, C. Zurbriggen og J. Vuignier på veg mot toppen då fire av dei styrta i døden. Berre Hill slapp unna. Han nådde toppen åleine, der uver tvinga han til å bivuakkere. Fyrst to dagar etter kunne han i Zermatt melde frå om ulukka.

Fyrstebestiginga av nordveggen vart føreteken av K. Schneider og F. Singer. 26. og 27. august 1932 klatra dei frå fjellfoten opp veggen til topps. Fyrst den 12. juli 1966 klatra M. og Y. Vaucher nordveggen rett til topps.

Den fyrste vinterbestiginga over nordegga vart føreteken av P. Crettaz og J. Gaudin den 2. mars 1963.

Vinteren 1968 kleiv Camille Bournissen nordveggen til topps, og stod dermed for den fyrste soloturen vinterstid.

Panorama frå Grand Mountet-hytta med nordsida av Dent Blanche ute til høgre, fjelltoppen til venstre er Ober Gabelhorn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dent Blanche