Graut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Graut er namnet som vert brukt om enkle rettar som av utsjånad er ei homogen, tjuktflytande masse, og som vanlegvis er laga ved å koka gryn (eller andre kornprodukt) i væske. Graut er vanleg kost i mange norske heimar, både som frukost og som middagsmat, gjerne spesielt laurdagsmiddag.

  • Havregraut er ein sunn og fiberrik frukostrett.
  • Risgraut (risgryn kokt med mjølk og vatn) er den klassiske julaftanslunsjen mange stader i landet, og tradisjonell laurdagsmiddag mange stader i Noreg.
  • Rømmegraut (rømme, mjøl og mjølk kokt i hop) har lang tradisjon som festmat, t.d. til 17. mai og jonsok.
  • Vassgraut vart koka på vatn i staden for mjølk og vart rekna som skral kost i høve til graut koka på mjølk. Det var ikkje uvanleg at tenestefolk måtte eta vassgraut, medan sjølfolket åt graut koka på mjølk.

Graut er ei god (og som oftast rimeleg) kjelde til karbohydrat, samstundes som han er skånsam mot magen og ikkje treng tyggast. Difor blir graut ofte brukt som sjukediett.

Graut kan kokast i gryte, i steikeomn eller i mikrobølgeomn.

Graut og flatbrød var dei to rettane som var historisk kvardagsmat i Noreg. Til kvardags vart grauten i dei fleste heimar koka på vatn (vass-graut).

Vassgraut[endre | endre wikiteksten]

Når vassgraut vart kokt over open eld, var det vanleg å bruke jarngryte og tvore. Først måtte vatnet, mange stader kalla mokket,[1] koke. Så dryste ein mjølet i med eine handa medan ein rørde med tvora. Dette skulle hindre at det vart klumpar i grauten. Ein måtte røre til ein var sikker på at alt mjølet var kokt. Då vart det heller ikkje mjølsmak av grauten. I tillegg til vanleg røring, kunne tvora haldast mellom båe handflatene og vert snurra rundt, medan ho vart førd rundt i grauten. Når grauten tok til å stivne, stampa ein med tvora. Då vart han og salta med grovsalt.Han var ferdig når tvora stod i grautgryta.

Skikkeleg kokt graut måtte ikkje få sprekker, skirne, når han kom i grautfatet. Det oppnådde ein med iherdig stamping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Selje info Ord og uttrukk M - O
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.