Flatbrød
Flatbrød er tynne leivar av brød steikt av ein usyra deig av mjøl og væske. Flatbrød er eit spesielt norsk produkt som elles berre finst i Nord-Sverige og Nord-Skottland.
Alle slag mjøl kan brukast til å laga flatbrød, men havre og bygg er vanlegast. Dette er ofte blanda med rug, potet eller ertemjøl. Væska er oftast vatn, men mjølk kan òg stundom brukast.
Flatbrød er kjent sidan slutten av 1000-talet. Det blei tradisjonelt bakt på gardane, før fabrikkproduksjon gradvis tok over på 1900-talet.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Flatbrødet kan etast tørt saman med middagsmaten eller knusast og lagast med soll på. I tradisjonelt norsk kosthald blir flatbrødet gjerne bruka som tilhøyr til middagen — til dømes saman med spekemat, kjøtsuppe eller saltfisk.
[endre] Tradisjonell baking
For å baka flatbrød kjevler ein deigen tynt ut og steiker han på takke. Tjukkleiken skal vera nokre millimeter og diameteren på dei runde leivane er typisk rundt 60 cm. Flatbrødutkjevling var inga enkel sak og gjorde bakstekjerringa populær og etterspurd.
Flatbrød vart bakt på gardane i samband med lefsebaksten. Oppskrifta kunne variere lokalt når det gjaldt tilhøvet mellom dei ulike mjølsortane, men det måtte vere ei viss mengd kveitemjøl i for å halde blandinga saman.
[endre] Lagring
Tradisjonelt vart dei lagra i stablar på stabbur eller loft. Det var haldbart i minst eit år, om ikkje lengre, og det vart ikkje så lett skjemt som mjøl kunne bli.
Dersom flatbrødet hadde tiltrukke seg fukt under lagring kunne det strøast opp eller skjerpast.
[endre] Industriell produksjon
Flatbrød vart frå tidleg på 1900-talet òg framstilt industrielt og seld pakkevis. Dette inneheld ofte litt meir grovfiber enn det heimebakte. Ein av dei kjente flatbrødfabrikkane i Noreg er Vestfold Flatbrødfabrikk som ligg på stasjonsbyen Barkåker i Tønsberg. Eit av dei mest selde flatbrøda er Mors flatbrød frå Stabburet.
[endre] Liknande bakverk
[endre] Lefse
Lefse vart bakt og lagra på same viset som flatbrød, men i motsetnad til flatbrødet blir fukta like før bruk slik at det blir mjukt.
[endre] Ertebrød
På austlandet har òg ertebrød med en tilsetting av mjøl malt av gule erter vore populært. Ertebrødet blir framleis produsert kommersielt og ein del av det blir eksportert til USA.
[endre] Potetflatbrød
I potetflatbrødet er hovudingrediensen potet med litt mjøl.
[endre] Tunnbrød
Norske flatbrød inneheld i utgangspunktet ikkje gjær eller bakepulver — i motsetnad til dei fleste variantane av svenske tunnbröd.
[endre] Knekkebrød
Knekkebrød er grovare og tjukkare enn flatbrød. Svenske og finske fabrikantar leverer mange variantar av desse, men ein kan framleis finne norsk flatbrød i butikkhyllene.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Flatbrødmerke
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Flatbrød»