Sarpsborg kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarpsborg kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Sarpsborg
Areal 406 km²
 - land 380 km²
 - vatn 26 km²
Folketal 59 771  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Magnus Arnesen (H)
Kommunenr. 3105
Kart
Sarpsborg kommune
59°17′26″ N 11°12′10″ E
Wikimedia Commons: Sarpsborg
Nettstad: www.sarpsborg.kommune.no
Sarpfossen
Foto: Espen Franck-Nielsen
Hafslund hovudgard
Skjeberg mellomalderkyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sarpsborg kommune er ein kommune i Østfold fylke, som ligg på vestsida av Glomma ved Sarpsfossen og grensar i nord til Våler kommune og Skiptvet kommune, i aust mot Rakkestad kommune og Halden kommune, i vest mot Fredrikstad kommune og Råde kommune og i sør mot Hvaler kommune. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1992, da han blei slått saman med kommunane Varteig, Skjeberg og Tune.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

I Sarpsborg kommune møtest dei vestre og austre linjene av Østfoldbanen, og dermed er kommunen eit viktig knutepunkt. Det er monaleg godstransport til dei store industribedriftene og til hamneområda i Sannesund. E 6, hovudvegen til utlandet, går i høgbru over Glomma i Sannesund. Det er fylkesvegar på begge sidene av Glomma til Fredrikstad, fylkesveg 109 og fylkesveg 111. Fylkesveg 111 held fram nordover til Rakkestad på austsida av Glomma. Fylkesveg 114 går til Skiptvet på vestsida av elva.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sagbruksverksemd og trelastutskiping har tradisjonelt vore byens viktigaste næringar, og Sarpsborg var i 1845 landets nest viktigaste utførselshamn for trelast. Etter ein stagnasjonsperiode som varte frå 1875 til 1880 fekk byen ein ny vekstperiode. Ein viktig faktor var oppbygginga av Borregaard til eit moderne industriføretak. Sarpsborg er framleis ein utprega industriby med særleg vekt på treforedlingsindustri og kjemisk industri. Begge bransjar er dominert av Borregaard (Orkla) ASA. Andre viktige bransjar er næringsmiddelindustri og verkstadindustri. Sarpsborgs er i vekst som handelsby, og har store delar av Indre Østfold som oppland. Sarpsborg er ei viktig utførselshamn, og dei viktigaste utførselsvarene er papirmasse, papir og kjemiske produkt.

Etter kommunesamanslåinga med omegnskommunene Skjeberg, Tune og Varteig i 1992 fekk Sarpsborg eit landareal på om lag 81 km2 dyrka mark og om lag 185 km2 produktiv skog. Det meste av den dyrka marka er knytt til produksjon av korn. Skogavverking er også ei viktig næring, som er dominert av avverking av gran.

Lokalavisa i Sarpsborg er Sarpsborg Arbeiderblad.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet blei godkjent i 1966 og har ein gåande svart bjørn over ei svart borg mot ein gull bakgrunn. Motivet har bakgrunn i mellomalderseglet til byen, som viser ein bjørn på toppen av ein bygning. I 1567 blei byen flytta, og det var først i 1839 byen fekk tilbake byprivilegia; da med eit raudt skjold med ein gullkrone over to gull øksar. Seinare blei mellomalderseglet funne att, og blei frå 1966 brukt i dagens utforming.

Kjende sarpingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rockelegenden på Grorud. groruddalen.no. Vitja 11. mai 2020

«Sarpsborg» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]