Horten kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Horten kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0701
Fylke Vestfold
Adm.senter Horten
Areal 69 km²
Folketal 26 299 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007) Nils Henning Hontvedt (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.horten.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0701.svg
Horten kommune på Commons

Horten er ein bykommune ved vestfoldskysten som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.

Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.

[endre] Historie

Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.

Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.

Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.

[endre] Kultur

[endre] Utdanning

Høgskolen i Vestfold ligger på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Høgskolen har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.

[endre] Kyrkjer

Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.

[endre] Idrett

Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.

[endre] Kjende hortensarar

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk