Grenader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prøysisske grenaderar frå 1715

Grenader (frå fransk grenadier, granatkastar) var opphavleg nemninga på ein spesialisert stormsoldat for kringsetjingar, først oppretta som ei særskilt rolle tidleg på 1600-talet. Nemninga grenader var ei innarbeid nemning på ein elite-infanterist allereie før 1700.

Historisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Grenaderar var soldatar som storma strender og kasta granatar; dei tidlegaste former for handgranatar som var ei jarnkule fylt med krut og ei lunte. Ein måtte svært nær inn på fienden for å kaste granaten, grenaderane måtte vere særleg modige eller vågale. Mange grenaderar vart drepne ved at granaten eksploderte i ansiktet på kastaren.

Nemninga grenader var brukt i den dansk-norske hæren gjennom heile 1700-talet. Ved folketeljinga 1801 er 818 personar i Noreg oppført med grenader i rubrikken for yrke. Grenaderar tok i åra 1807-14 del i kampane mot Sverige og i forsvaret mot England. Nemninga grenader gjekk ut av bruk då det norske militærstellet vart omorganisert frå kringom 1820.

Samtidsbruk[endre | endre wikiteksten]

Nemninga grenader vart teken i bruk att på 1990-talet, i samband med at det norske forsvaret byrja verva meinige til internasjonal krigføring. Ein grenader er i norsk samanheng ein elitesoldat i hæren eller i luftforsvaret, i sjøforsvaret vert nemninga matros nytta i staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grenader