Krut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krut.

Krut er eit lågeksplosivt eksplosiv som blir bruka som drivstoff i skytevåpen. Det finst to typar; svartkrut og røykfritt krut.

Svartkrut[endre | endre wikiteksten]

Svartkrut vart mest truleg funne opp i Kina, der det først blei brukt i fyrverkeri, på 800-talet. Derifrå spreidde kunnskapen seg vestover med silkevegen. Men det er vanskeleg å stadfeste nøyaktig og kor det vart funne opp.

Krut består av trekol, svovel og salpeter. I antikken var ein godt kjent med eigenskapane til svovel og trekol. I Europa vart likevel eigenskapane til salpeter først dokumentert av Robert Bacon og Albertus Magnus1200-talet. Omkring 1248 skildrar Bacon ein indirekte formel på svartkrut i boka si «De Secretis Operibus Artis et Naturae». Vidare gjev han oppskrifta for å laga kinaputtar i boka «Opus Majus» frå 1268. Albertus Magnus skildrar, i ei bok han skreiv før han døydde i 1280, ei oppskrift på ein kruttype for å laga «flygende flammar» (rakettar og fyrverkeri).

I Europa er det likevel munken Berthold Schwarz i Freiburg som blir rekna som opphavsmannen til krutet slik vi kjenner det. I europeisk samanheng starta ein å bruke krut i våpen frå omkring år 1310, og det var det einaste praktiske sprengstoffet fram til slutten på 1800-talet. I dag blir det mest bruka til fyrverkeri.

I byrjinga var ikkje krutet blanda optimalt, og salpeteret var ikkje reint, men på 1600-talet nådde ein tett på notidas optimale blandingsforhold: 75% salpeter, 10% svovel og 15% trekol.

Røykfritt krut[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1800-talet tok røykfritt krut over som drivstoff i skytevåpen. Det vart opphavleg framstilt ved å dyppe bomull i ei blanding av konsentrert svovelsyre og konsentrert salpetersyre. I dag blir det bruka nitrocellulose, nitroglyserol eller blandinger av dette.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krut
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.