Gruveulukka i Chile i 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå redningsoperasjonen i 2010

Gruveulukka i Chile 2010 var ei ulukke i ei gruve nær Copiapó i Atacamaørkenen i Chile.

Ei 121 år gammal gull- og kopargruve i det nordlege Chile kollapsa den 5. august 2010. Gruva låg 80 km frå Copiapó og 33 gruvearbeidarar vart innesperra 700 meter under bakken, og kring 5 km frå inngangen. Dei vart redda ut den 13. oktober og dei sette dermed verdsrekord for innesperring, med 69 dagar. Tidlegare geologisk ustabilitet i den gamle gruva, og fleire tryggleiksbrot frå eigarane av gruva, hadde dei føregåande åra ført til ei rekkje bøter og ulukker, mellom anna åtte dødsfall.[1] På grunn av historia til gruva, vart det opphavleg trudd at arbeidarane truleg ikkje hadde overlevd kollapsen, eller at dei kom til å svelte i hel før dei vart funne, om dei i det heile tatt vart funne.

Ulukka fekk stor merksemd i Chile, og dei nasjonale styresmaktene tok over redningsaksjonen. Det statseigde gruveselskapet Codelco vart involvert, og klarte å bore åtte borehol. 17 dagar etter ulukka, den 22. august, kom det ein lapp skriven med store raude bokstavar, festa til eit brot, då denne kom opp til overflata. På lappen stod det skrive: «Estamos bien en el refugio, los 33» (Me har det bra i tilfluktsrommet, alle 33 av oss). Nasjonen krevde då at dei chilenske styresmaktene måtte finne ein måte å redde arbeidarane på. I redningsaksjonen vart det nytta tre store internasjonale borelag, nesten alle departement i den chilenske regjeringa, ekspertisen til NASA og meir enn eit dusin multinasjonale selskap frå nesten alle kontinent. Etter å ha vore fanga under bakken i 69 dagar, vart alle dei 33 mennene ført trygt til overflata den 13. oktober 2010 ved å hale dei opp i ein kapsel gjennom eit forholdsvis smalt hol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 69-day trapped Chilean miners being lifted one by one to safety, Asian Tribune, Hallstavik, Sweden, By Gopal Ethiraj, 14 October 2004