Atacama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atacama-ørkenen

Atacama er ein ørken i Chile, eit praktisk talt regnfritt platå som strekkjer seg frå Andesfjella til Stillehavet. Han er 15 millionar år gamal og 100 gonger tørrare enn Death Valley i California. Platået er bygd opp av saltbasseng (salares), sand og lavastraumar. Det totale arealet av Atacama er 181 300 kvadratkilometer, og ørkenen vart danna av regnskuggen som Andesfjella skapar vest for ørkenen.

Atacamaørkenen er den tørraste ørkenen på Jorda (eit mogeleg unntak er McMurdo-dalen i Antarktis), og er totalt avskore frå fuktig luft av Andesjella og kystfjella. Den midla årsnedbøren i Antofagasta-området — som er ein del av Atacama — er berre 1 mm, og området har hatt ein periode på 400 år utan ein einaste regndrope. Det er så tørt at fjella som vert så høge som 6885 m ikkje har isbrear, og den sørlege delen frå 25°S til 27°S, har mogelegvis vore utan isbrear heile kvartærtida. Ein har derimot permafrost ned til ei høgd på 4400 m. Enkelte vêrstasjonar i Atacama har aldri målt regn, og ein har prov som tyder på at Atacama ikkje har hatt regn sidan 1570 (før dette har ein ikkje kjelder, så perioden kan vere lenger enn dette).

Enkelte stader i Atacama får derimot inn havtåke, som gjev ei viss mengd fukt til hypolitiske alger, lav og til og med enkelte kaktusar. Men i området som ikkje ein gong får tåke vert jordsmonnet samanlikna med overflata på Mars. Området vert derfor brukt av NASA for å teste instrument for framtidige Mars-prosjekt. Alonso de Ercilla skildra ørkenen i La Aracana i 1569: «Mot Atacama, nær ørkenkysten, kan ein sjå eit land utan menneske, der det ikkje finst ein fugl, ikkje eit beist, heller ikkje eit tre og ingen vegetasjon»

Busetting[endre | endre wikiteksten]

Det bur folk i Atacama, men det er ikkje mange av dei. I ein oase, i midten av ørkenen i ei høgd på 2000 meter, ligg landsbyen San Pedro de Atacama. Kyrkja vart bygd av spanjolane i 1577, men arkeologiske bevis indikerer at San Pedro-området var busett av ein paleolittisk sivilisasjon som bygde steinfestningar i dei bratte fjella omkring dalen. Her finn ein òg gruvene Escondida og Chuguicamata.

Den panamerikanske hovudvegen går gjennom Atacama frå nord til sør.

European Southern Observatory har to observatorium i Atacamaørkenen:

Gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

Atacama har store førekomstar av kopar og andre mineral, og ei av dei største naturlege kjeldene til natriumnitrat i verda, som vart greve ut i stor skala fram til tidleg på 1940-talet. Chile og Bolivia hadde lenge ein strid på 1800-talet om kor grensa mellom landa i Atacama gjekk, for å få tilgang til desse ressursane.

I dag er det om lag 170 fråflytta gruvebyar rundt om i ørkenen, og nesten alle vart tomme då tyskarane fann opp syntetisk nitrat rundt 1900. Ein av desse byane er Chacabuco, som seinare vart omgjort til ein konsentrasjonsleir under Augusto Pinochet sitt regime. I dag ligg det 98 miner rundt byen, som ein ikkje veit kor er, og som vert passa på av ein mann som bur der aleine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Braudel, Fernand, The Perspective of the World, vol. III of Civilization and Capitalism 1984 (in French 1979).
  • Sagaris, Lake. Bone and dream : into the world's driest desert. 1st ed. -- Toronto : A.A. Knopf Canada, c2000. ISBN 0-676-97223-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Atacama