Guineansk mangrove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guineansk mangrove
økoregion
Mangrovar i Sine-Saloum-deltaet i Senegal
Land  Gambia,  Guinea,  Guinea-Bissau  Liberia,  Senegal  Sierra Leone
biom mangrove
Wikimedia Commons: Guinean Mangroves Ecoregion (One Earth)
Sanking av østers i Sine-Saloum-mangrovar i Senegal.

Guineansk mangrove er ein økoregion prega av mangrovesumper i elvar og estuar ved kysten av Vest-Afrika frå Senegal til Sierra Leone.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Guineansk mangrove opptrer ved Saloum- og Casamance-deltaet i Senegal, i dei lågare delane av Gambiaelva, langs mykje av kysten til Guinea-Bissau, mellom anna ved Cacheu- og Mansoaelva, nord i Guinea og ved mykje av kysten til Sierra Leone, medrekna Sherbroelva. Mangrovane veks i flate viker og estuar der tidvatnet skyller varmt saltvatn høgt opp elvene, i denne økoregionen så langt som 100 km, til dømes i Cacheuelva i Guinea-Bissau.[1]

Flora[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike typar mangrovar i sona, med Rhizophora, Laguncularia racemosa og Conocarpus erectus som blir opptil 10 meter høge i større område av Rhizophora og Avicennia. Dei høgaste trea kan bli 40 meter høge, og dannar ein slags galleriskog langs vassvegane, medan mudderflatene mellom vassvegane har mykje lågare tre. Skogkantane i innlandet har gras, bregnar og saltkjære plantar.[2] Artsmangfaldet i floraen er mindre i denne økoregionen enn i austafrikansk mangroveskog.[1][2]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Mangrovesumper inneheld viktige næringskjelder for fiskar, fuglar og andre dyr. Marine dyr er mellom anna østers og reker. Pattedyr her er mellom anna senegalmanat. Fuglar i desse våtmarkene omfattar goliathegre, purpurhegre, kuhegre, krabbehegre, strandhegre, rosenflamingo, dvergflamingo, afrikaskeistork og heilagibis.[2] Skogane dannar også viktige habitat for trekkfuglar.[1]

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Mangrovehabitat er truga av hogst der ein bruker trea til tømmer eller ved, eller der ein ryddar skog for å dyrka ris på staden. Habitatet er også truga av lågare nedbørmengder i området dei siste tiåra.[1] I Sør-Senegal er det gjort arbeid med å planta mangrovar att.[3] Urbane område nær angrovane er hovudstadane i Gambia, Banjul, og i Guinea-Bissau, Bissau. Nasjonalparkar i området omfattar Saloum Delta nasjonalark og Basse Casamance nasjonalark i Senegal, Niumi nasjonalark i Gambia og Tarafes de Cacheu naturpark i Guinea-Bissau. Elvedeltaet til Saloum kan ein også nå frå landsbyen Foundiougne i Senegal.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Guinean mangroves». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Sierra Leone». Status And Trends In Mangrove Area Extent Worldwide. FAO. Henta 27. november 2016. 
  3. «Senegal: Protecting livelihoods through mangroves». IRIN Africa. 14. oktober 2008. Henta 27. november 2016. 
  4. «Senegal's mangrove forests» (PDF). Country report. Henta 27. november 2016.