Kuhegre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kuhegre

Status i verda: LC Livskraftig

Kuhegre, Bubulcus ibis
Kuhegre, Bubulcus ibis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Pelecaniformes
Familie: Ardeidae
Slekt: Bubulcus
Art: P. ibis
Vitskapleg namn
Bubulcus ibis
Kuhegre
Namn på andre språk
Svensk Kohäger
Dansk Kohejre
Engelsk Cattle Egret
Tysk Kuhreiher
Fransk Héron garde-bœufs
Spansk Garcilla bueyera, garcita del ganado, garza boyera
Russisk Jegipetskaja tsaplja (Египетская цапля)

Kuhegre (Bubulcus ibis) er ein kosmopolitisk art av hegrar i tropane og i subtropiske og varme, tempererte soner. Trass likskapen med egrettar i slekta Egretta, er kuhegre nærast i slekt med hegrar som til dømes gråhegre i Ardea. Det opphavlege utbreiingsområdet til denne arten var delar av Asia, Afrika og Europa, men området har auka mykje snøgt etter ei vellykka kolonisering av store delar av verda.

Beiting saman med storfe
Foto: Charles Lam

Kuhegren er ein kompakt, kvit fugl pynta med brungule fjør i hekkesesongen. Han hekkar i koloniar, vanlegvis nær vatn og gjerne i område med andre vadefuglar. Reiret er ei plattform av kvistar i tre eller buskar. Ulikt dei fleste andre hegrar, finn han føde i relativt tørre habitat på grassletter, ofte følgjer han storfe eller andre store pattedyr der, fordi insekt og små virveldyr blir jaga opp og blir enkle byttedyr for hegren. Nokre populasjonar av kuhegre er trekkfuglar og andre spreier seg etter hekkesesongen.

Det er få predatorar som jaktar vaksne kuhegrar, men både fuglar og pattedyr kan åtake reir, og ungar kan gå tapt som følgje av matmangel, mangel på kalsium eller etter uro frå andre store fuglar. Denne arten fjernar flått og fluger frå storfe, og har vore involvert i spreiing av dyresjukdommar der flått er smitteberarar. Fuglane kan kollidere med fly og vere ein tryggleiksrisiko ved flyplassar.

Austleg underart i hekkedrakt
Foto: su neko

Dette er ein tettvaksen hegre med vengespenn på 88-96 centimeter, 46-56 cm i kroppslengd og han veg 270-512 gram. Halsen er relativt kort og tjukk, solid nebb, og ei luta haldning. Vaksne fuglar utanfor hekkesesongen har i hovudsak kvit fjørdrakt, gult nebb og grågule føter. Hekkedrakta hos den vestlege underarten har oransjefarga fjør på rygg, bryst og krone. Nebb, bein og irisar er raude i ein kort periode før paring. Kjønna er like, men hannfuglar er marginalt større og har litt lengre pyntefjør enn hoer; ungfuglar får ikkje farger i fjørdrakta og har svart nebb.

Tre underartar av kuhegre er skildra: den vestlege forma B. i. ibis, ein austleg underart i Asia og Australia, B. i. coromandus, og somme aksepterar også ein underart på Seychellane, B. i. seychellarum. Den austlege underarten skil seg frå den vestlege i hekkedrakta. Den oransje eller brungula farga blir meir gyllen, dei farga fjøra strekkjer seg ned til kinn og hals. Dessutan er nebb og tars er litt lengre i gjennomsnitt enn hos den vestlege underarten. Seychellarum er mindre og har kortare venger enn dei andre to formene. Han har kvit kinn og hals, som hos B. i. ibis, men hekkedrakta er gyllen som hos B. i. coromandus.

Plasseringa av augo hos hegren gjev dei kikkertsyn til fangst av føda, og fysiologiske studiar tyder på at arten kan vere i stand til nattleg aktivitet. På grunn av tilpassinga dei har gjort for å ta føde på land har dei mista evna som slektningane på våtland har til å korrigere nøyaktig for lysbryting gjennom vatn.

Denne arten er i stor grad stille, men kan gje rolege «rikk-rakk»-kall i hekkekolonien.

Bubulcus ibis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kuhegre