Gulen Fiskarbondemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulen Fiskarbondemuseum
Foto: Bjarne Thune
Gulen Fiskarbondemuseum
Foto: Bjarne Thune
Gulen Fiskarbondemuseum
Foto: Frode Inge Helland

Gulen fiskarbondemuseum er eit museum på Byrknesøy i Gulen kommune som viser korleis fiskarbonden levde før. Museet vart opna 30. mai 1998 og består av ei rekkje ulike tradisjonelle kystbygningar som viser korleis eit kystbruk var på 1800-talet. I sjøbua er det ei utstilling av gamle gjenstandar som i hovudsak er donert av Alf Sæternes. Museet si oppgåve er å ta vare på og synleggjere historia til fiskarbonden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Museet vart opna av dåverande direktør for Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kristian Jansen. Namnet museet fekk er knytt til den tradisjonelle levevegen i Ytre Gulen dei siste 100 åra, ein kombinasjon av fiske og jordbruk. Fastbuande langs kysten hadde sjeldan høve til å livnære seg av berre jordbruk eller fiske åleine. Ein måtte derfor utnytte ressursane både på land og på sjøen for å klare seg.

Ofte var det ei arbeidsdeling der mannen drog på fiske og kvinna hadde ansvaret for gardsdrifta. Derfor er «fiskarbonde» eit namngjeving som omfattar både mannen som var fisker og kona som var bonde.

Fiskarbondemuseet ligg i Barvågen, som er ein liten våg på vestsida av Byrknesøy like sørvest for sentrum på Byrknes. Museet består av et lite bruk på 3.5 dekar i ei vestvend helling mot Barvågen. I denne vågen er eit eldre naust- og sjøbumiljø. Bygningane har trekk som er svært typiske for Gulen; steinbygde naust, jordkjellarar og oppbygd brønn for takvatn. Våningshuset er frå 1844. Her er også eit steinmurt båtnaust, sjøbu i to etasjar, eldhus, brønn for takvatn, utedo og jordkjellar. Hele området rundt Barvågen er av Gulen kommune regulert til spesialområde bevaring.

I ei av sjøbuene var den første butikken på Byrknes. Dette var butikken til Nils Karlsen også kalla «Karl-Nils».

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Stova i første etasje i våningshuset er innreidd som ei typisk «fiskarbondestove» frå første delen av 1900-talet. Her er mellom anna ei gammal skyveseng, ein vedkomfyr, og ein rokk til spinning. I rommet sør for stova er ei utstilling som tek for seg mjølkestell i gammal tid og de gjenstandane ein då brukte. Her finst ei kinne og mjølkespann til å bere på ryggen.

Her finst ei gammal skulestove med gamle pulter, og sjøbuloftet inneheld over 100 gjenstandar som er knytte til fiske og båt. Desse er samla inn i Ytre Gulen av Historielaget på Byrknes. Gjenstandane gjevne av Alf Sæternes (1906-1998) stammer frå garden Sæternes ved Brandangersundet. I Båtnaustet finst ein robåt av Nordfjordtypen som er ein seksring på grunn av at det er seks årer i båten. Når været var lagleg kunne ein setja opp ei mast og segl og segle. Båten er sannsynlegvis frå før 1910. Den kom opphavleg frå Fivelsdal i Gulen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Byrknes, Arne-Helge; «Gulen Fiskarbondemuseum opna i 1998» i Glimt frå Gulen, Kultursogeskrift 1998

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gulen Fiskarbondemuseum