Kinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei tradisjonell stavkinne

Ei kinne er ein reiskap som vert nytta til å lage smør. Sjølve prosessen med å lage smør vert kalla å kinne.

Demonstrasjon av kinning med stavkinne ved Gammlia friluftsmuseum i Umeå i Sverige.

Kinninga går føre seg ved at syrna fløyte (rjome) vert utsett for mekanisk røring eller stamping som får det faste smøret til å skilje seg ut frå den flytande kinnemjølka (saupet).

Den mest kjende typen kinne er den høge, smale stavkinna, der ein stampar fløyta med ein kinnestav, som er ein stav med ein kross i nedre enden. Andre typar kinne har og vore i bruk, til dømes vindekinna, der skovler på ein jarnaksel inne i kinna roterer ved at ein snurrar på ein sveiv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om smør i Kulturhistorisk Leksikon Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kinne
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.