Gunnar Fant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnar Fant (1999)

Carl Gunnar Michael Fant (8. oktober 19196. juni 2009)[1] var ein svensk lingvist, sivilingeniør og professor ved Kungliga tekniska högskolan i Stockholm.

Fant blei verdskjend for forskinga si på talesyntese og sambandet mellom artikulatorisk fonetikk og akustisk fonetikk.

Gunnar Fant tok sivilingeniøreksamen i elektroteknikk 1945. Eksamensarbeidet hans galdt akustikken til menneskerøysta. Etter eksamen heldt han fram med dette arbeidet, fyrst ved Ericsson, seinare ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han var med og skapte talekommunikasjonsinstituttet ved Kungliga tekniska högskolan (den noverande Institutionen för Tal, Musik och Hörsel), den gongen eitt av svært få i sitt slag i verda. Han var professor i taleoverføring ved Kungliga tekniska högskolan i åra 1966-1987 og deretter professor emeritus.

Arbeidet til Fant førde til ein ny æra i talesynteseen. I 1952 publiserte han, i lag med Roman Jakobson og Morris Halle, ei bok der teorien om fonetiske særdrag blei lagde fram for fyrste gong.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]