Gustaf Cederström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustaf Cederström i 1901
Karl XIIs likfärd, 1878
Baptisterna, 1886
Segern vid Narva, 1905

Gustaf Olof Cederström (12. april 184520. august 1933) var ein av Sveriges mest populære historiemålarar på 1800-talet. Hans mest kjende måleri er Karl XII:s likfärd.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Friherre Gustaf Cederström var son til ein marineoffiser. Han voks opp i ein familie som høgakta Karl XII, ein av forfedrane hans hadde vore med på trefninga i Bender. Cederström prøvde fyrst å gjere karriere som offiser, i 1864 vart han «underlöjtnant» ved Värmlands fältjägarregemente.

Seks år seinare, i 1870, tok han avskjed frå det militære. Før den tid hadde han studert ved Stockholms Konstakademen og gått i lære hos Ferdinand Fagerlin i Düsseldorf og Léon Bonnat i Paris. Cederström busette seg i Paris i 1873, der han laga dei fyrste måleria som det svenske publikum la merke til, særleg Epilog og Mörka stunder.

Cederströms store gjennombrot kom i 1878 med måleriet Karl XII:s likfärd, eit verk som vart stilt ut på verdsutstillinga i Paris. Måleriet er ikkje ei realistisk skildring av hendinga, men ei oppdikta hylling av den døde kongen. Karl XII vart aldri boren på båre heim til Sverige den kalde vinteren 1718. Måleriet vart kjøpt av den russiske storfyrsten Konstantin. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart biletet kjøpt tilbake til Sverige, og er i dag i Göteborgs Konstmuseum. Dei komande åra heldt Cederström fram som den store skildraren av karolingarane.

Frå 1887 var han professor ved Konstakademien i Stockholm. Perioden 1899-1911 var han direktør ved same institusjonen. Jamsides målinga var Cederström aktiv som forfattar og kåsør, mellom hans fremste skrift-verk merker dei sjølvbiografiske bøkene; En gammal konstnärs minnen (1926) og Gammalt och nytt (1929), seg ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gustaf Cederström

Kjelder[endre | endre wikiteksten]