Düsseldorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Düsseldorf
Duesseldorf riverside by night 01.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Düsseldorf
Düsseldorf is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Først nemnd i
Byrettar
1135
1288
Geografi
Flatevidd
 - By

217 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

581 858
  2 681/km²
Koordinatar 51°14′0″N 6°47′0″EKoordinatar: 51°14′0″N 6°47′0″E
Høgd over havet 38 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 40000-40629
Telefon-retningsnummer 0211
Bilnummer D
Heimeside: www.duesseldorf.de

Düsseldorf er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Nordrhein-Westfalen og i lag med Köln og Ruhr-området det økonomiske senteret i Vest-Tyskland. Düsseldorf ligg ved elva Rhinen og er eit av dei største sentera i tett folkesette Rhinen-Rhur-området

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarriket styrkte posisjonane sine gjennom Europa, heldt eit par germanske stammer ut i dei myraktige områda på austsida av Rhinen. På 600- og 700-talet oppstod det små jordbruks- og fiskelandsbyar i området der den vesle elva Düssel munnar ut i Rhinen. Det var frå desse små busetnadane at byen Düsseldorf voks fram.

Dei første skrivne kjeldene om byen går tilbake til 1135 (då kalla Düsseldorp). Det vart sagt at under Keisar Fredrik Barbarossa vart det bygd festningsverk i den litle byen Kaiserswerth nord for Düsseldorf for å halde vakt over kvar ei rørsle på Rhinen. Kaiserswerth vart i 1929 ein forstad til Düsseldorf.

Düsseldorf i 1647
Düsseldorf i 1900
Delar av eit monument som viser det brutale slaget ved Worringen

I 1186 kom Düsseldorf under styret til Berg Grevane av Berg flytta setet til byen i 1280. 14. august 1288 fekk Düsseldorf byrettar av Grev Adolf V av Berg.

Før byrettane vart tildelt var det ein blodig kamp om makta mellom erkebiskopen av Köln og greven av Berg, som kulminerte med slaget ved Worringen. Erkebiskopen av Köln sine styrkar vart viska ut og det la grunnlaget til Düsseldorf sin bystatus. Eit monument på Burgplatz står til minne om hendinga. Det er sagt at frå denne dagen og til den dag i dag er det ein viss fiendskap mellom innbyggjarane i Köln og Düsseldorf. Dette er derimot historisk feil sidan innbyggjarane i Köln og Düsseldorf kjempa side om side med kvarandre. Rivaliseringa mellom dei to byane oppstod på 1800-talet då Düsseldorf voks svært raskt som følgje av industrialiseringa. I dag kan ein stort sett sjå dette i humoristisk form, særleg under karnivalet i Rheinland, og i idrett.

Ein markedsplass oppstod ved breidda av Rhinen og vart verna av bymurar i alle fire retningar. I 1380 vart Düsseldorf regionshovudstad i Hertugdømet Berg. Dei neste hundreåra vart fleire kjende landemerke bygd, inkludert Universitetskyrkja St. Lambertus. I 1609 døydde hertuglinja Jülich-Berg-Cleves ut, og etter ein bitter strid fall Jülich og Berg til Wittelsbachgrevane av Pfalz-Neuburg, som gjorde Düsseldorf til sin heimstad, sjølv etter dei arva Pfalz i 1685 og vart kurfyrstar.

Düsseldorf voks enno meir under leiarskapet til Johann Vilhelm II (r. 1690-1716) på 1700-talet, òg kjend som Jan Wellem for folket sitt. Påverka av kona si Anna Maria Luisa de' Medici bygde han eit stort kunstgalleri med eit stort utval av måleri og skulpturar i Stadtschloss (byslottet).

Jan Wellem hadde ingen born då han døydde, og den blømande byen gjekk inn i ei vanskelegare tid, særleg etter at Kurfyrste Karl Teodor arva Bayern og flytta hoffet til München. Han tok med seg kunstsamlinga, som vart ein del av det som i dag er Alte Pinakothek i München. Øydeleggjing og fattigdom ramma Düsseldorf etter napoleonskrigane.

På midten av 1800-talet blømde Düsseldorf igjen som følgje av den industrielle revolusjonen, og byen voks til over 100 000 innbyggjarar i 1882. Den første og den andre verdskrigen førte derimot Düsseldorf ut i depresjon. Under den andre verdskrigen vart byen nesten totalt ruinert av flyåtak frå dei allierte.

I 1946 vart Düsseldorf gjort til hovudstad i den nye delstaten Nordrhein-Westfalen. Byen vart bygd opp att i eit rasande tempo og økonomiomforminga gjorde at Düsseldorf igjen voks seg til ein rik handelsby, slik som ein kjenner han i dag.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Meinhafen i Düsseldorf

Düsseldorf ligg sentralt i den lågare delen av Rhinen, der elva Düssel munnar ut i Rhinen. Det meste av byen ligg på austsida av elva, bortsett frå bydel 4. På andre sida av Rhinen vart Neuss bygd ved munningen til elva Erft. Düsseldorf ligg sørvest for Ruhr-området og midt i storbyområdet Rhinen-Ruhr. Det høgaste punktet i byen er Sandberg heilt aust med ei høgd på 165 m. Det lågaste punktet ligg lengst nord i Wittlaer der Schwarzbach renn ut i Rhinen med ei høgd på 28 meter.

Kunstakademiet[endre | endre wikiteksten]

Byen har spela ein viktig rolle i norsk kunsthistorie. Kunstakademiet i Düsseldorf og den såkalla Düsseldorfskulen i perioden 1830-1870 var særs viktig i framvoksteren av norsk nasjonalromantisk målarkunst. Fleire kunstnarar budde i byen i periodar: Adolph Tidemand, Hans Gude, August Cappelen, Peter Nicolai Arbo, Lars Hertervig, Johan Martin Nielssen.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

10., 12. og 14. mai blei Eurovision Song Contest 2011 arrangert i Düsseldorf.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Düsseldorf

Kjelde[endre | endre wikiteksten]