Guy Verhofstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guy Verhofstadt

Guy Verhofstadt (fødd 11. april 1953 i Dendermonde) er ein belgisk liberal politikar som var statsminister i Belgia frå 12. juli 1999 til 20. mars 2008.

Han vert rekna som ein ivrig EU-føderalist, og var favoritten til den tyske kanslaren og den franske presidenten til å verte ny president for EU-kommisjonen i 2004. På grunn av motstand mot Irak-krigen oppnådde han ikkje støtte frå land som hadde støtta denne krigen.

I yngre år fekk han, på grunn av sitt radikale syn på økonomi, tilnamnet «Baby-Thatcher», og vart òg kalla «da joenk», nedlatande 'den guten'. Seinare, særskilt etter at han vart statsminister, bevega han seg ideologisk sett mot sentrum, i retning sosialliberalismen.

Verhofstadt er flamskspråkleg, utdanna som jurist. Han var politisk aktiv under studenttida og blei seinare tilsett som sekretær for Willy De Clercq, som då leia det flamske liberale partiet (PVV). I 1982, som tjueniåring, blei han sjølv leiar av partiet.