Margaret Thatcher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Thatcher

Statsminister i Storbritannia
Periode19791990
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Fødd13. oktober 1925
FødestadGrantham i Lincolnshire
Død8. april 2013 (87 år)
DødsstadLondon
MorBeatrice Ethel Stephenson
FarAlfred Roberts
EktefelleDenis Thatcher
MedlemRoyal Society
Det kongelige råd
Carlton Club
Pilgrims Society
FøregangarJames Callaghan
EtterfølgjarJohn Major

Margaret Hilda Thatcher, baronesse Thatcher (13. oktober 19258. april 2013)[1] var ein britisk politikar og mangeårig statsminister. Thatcher var den fyrste kvinnelege leiaren for det britiske konservative partiet (toryane) og Storbritannia sin fyrste kvinnelege statsminister (1979-1990).

«Maggie» Thatcher var fødd i Grantham i Lincolnshire i England og studerte kjemi og juss ved Somerville College, Universitetet i Oxford. Ho blei vald inn i det britiske parlamentet i 1959 for Finchley. I 1979 blei ho utnemnd til utdannings- og vitskapsminister i regjeringa til Edward Heath. Fire år seinare støtta ho Keith Joseph som ny konservativ partileiar, men då han trekte seg gjekk Thatcher sjølv inn som kandidat og blei i 1975 vald til den første kvinnelege leiaren for eit større britisk politisk parti. I 1979 vann dei konservative parlamenstvalet, og Thatcher blei den første kvinnelege statministeren i Storbritannia.

Målet til Thatcher var å snu den økonomiske nedgangen til landet ved hjelp av fri marknadsøkonomi, mindre statleg innblanding og oppmuntring til gründerverksemd. Falklandskrigen i 1982 gav henne stor popularitet og sikra gjenval året etter. Thatcher følgde ein hard kamp mot fagforeiningar, overlevde eit attentatforsøk og stod steilt imot Sovjetunionen, noko som gav henne tilnamnet «Iron Lady», 'jernkvinna'.

I 1987 blei Thatcher gjenvald til ein tredje periode, som den første britiske statsministeren. Dei påfølgjande åra blei vanskelege politisk, både i samfunnet, der ein nyinnført skatt kjend som «poll tax» var særs upopulær, og innan partiet, som var splitta i synet på det europeiske økonomiske samarbeidet. Ho gjekk av som statsminister i 1990. Thatcher var den lengst sitjande statsministeren sidan Robert Cecil, Lord Salisbury, som regjerte frå 1886 til 1892. Ho blei life peer med tittelen baronesse av Kesteven, og hadde med dette ein rett til å sitja i det britiske overhuset.

I løpet av 2002 hadde Thatcher fleire små slag, og blei råda frå å ha fleire offentlege opptredenar. Hausten 2008 blei det gjort offentleg kjend at Thatcher hadde demens.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Margaret Thatcher: The Downing Street Years, HarperCollins, 1993, ISBN 0-00-255354-6
  • Margaret Thatcher: The Path to Power, HarperCollins, 1995, ISBN 0-00-255050-4
  • Patrick Cosgrave: Margaret Thatcher - A Tory and her Party, Hutchinson, London, 1978, 1979, ISBN 0-09-131380-5. Norsk omsetjing: Margaret Thatcher, NÅ forlag 1979, ISBN 82-505-0210-8
  • Christopher A. Pissarides: Unemployment in Britain: A European Success Story, Centre for Economic Performance, London School of Economics, IZA and CEPR, 17. oktober 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]