Háskóli Íslands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Háskóli Íslands eller Universitetet på Island er eit statleg universitet. Det blei stifta i 1911. I det fyrste året blei 45 studentar immatrikulert. I dag tener Háskóli Íslands dei 285 000 innbyggjarane til landet. Ca. 8000 studentar er talet i dag, fordelt på elleve fakultet.

I tillegg til dei store fakulteta er det mange forskingsavdelingar forbundi til universitet. Med 423 tilsette lærarar, omtrent 1800 andre lærarar og om lag 281 forskarar og administratorar er Háskóli Íslands den største enkeltarbeidsplassen på Island. Dei fyrste 29 åra var universitetet i alltingshuset i sentrum av Reykjavík. I 1933 fekk universitetet eit spesialløyve til å starte eit lotteri. Universitetslotteriet som starta i 1934 er stadig ein hovudkjelde til investeringar i bygningsmassen. I 1940 flytta universitetet inn i det nye hovudbygget (Aðalbygging) på universitetsområdet ved Suðurgata. Der er de fleste bygningane au i dag.

Universitetet på Island kan tilby studiar i 60 forskjellige emne. Dei mest populære blant utvekslingsstudentar er historie (særs gammalislandsk historie), litteratur (særs sagalitteraturen) og geologi/naturgeografi (særs vulkanologi, glasiologi, seismikk og geotermikk), av openberre grunnar.

Undervisingsspråket er islandsk, men nokre kurs er tilrettelagt for utanlandske studentar sånn at dei kan fylle eit år med kurs der undervisingsspråket er engelsk. Utlendingar får lov til å skrive eksamen på engelsk i alle kurs. Dei fleste sensorane forstår au eit skandinavisk språk, og da er det mogleg for nordmenn å skrive eksamen på norsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]