Vulkanologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vulkanologi er vitskapen om vulkanisme og studiet av vulkanar, lava, magma og tilknytte geologiske og geofysiske fenomen. Uttrykket vulkanologi kjem frå det latinske ordet vulcan, den romerske eldguden.

Ein vulkanolog er ein person som studerer vulkanologi, som til dømes danninga av vulkanar, og deira noverande og historiske utbrot. Vulkanologar vitjar ofte vulkanar, særleg dei aktive, for å observere vulkanutbrot, ta prøvar av stoff frå vulkanen, som tefra (oske eller pimpstein), stein og lava. Mykje av arbeidet er retta mot å prøve å varsle framtidige utbrot. Det finst i dag ingen nøyaktig metode å gjere dette på, men varsel av vulkanutbrot kan redde mange liv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]