Høgde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Høgde er ei måling av avstanden frå nedst til øvst av noko som er ståande. Målinga må gjørast vertikalt, elles kallast ho lengde (eller nokre gonger breidde). Som med lengda og breidda, er høgda målt i einingar for lengde.

I geodesi er høgde den metriske, vertikale avstanden eit punkt (vanlegvis i terrenget, som til dømes ein fjelltopp) har over ei referanseflate, som til dømes gjennomsnittleg havnivå. Ein meir presis definisjon av ei referanseflate er ein geoide, som er ekvipotensialflata til geopotensialet som i gjennomsnitt fell saman med gjennomsnittleg havnivå. Ei høgde som er målt i forhold til ein geoide kallast ortometrisk høgde.

Høgda til menneske er noko ein studerer innanfor antropometri. Som det har blitt påpeikt i ein artikkel [1] i The New Yorker er gjennomsnittshøgda til menneskepopulasjonar eit greitt mål på alle faktorane som påverkar ei gruppes velvære. Mens variasjonar i høgde i ein populasjon er avhengig av genetikk, så er er variasjonar i høgde mellom populasjonar fyrst og fremst avhengig av miljøet. FN brukar høgde, som eitt av fleire mål, til å overvake ernæringsforhold i utviklingsland. I menneskepopulasjonar kan høgde uttrykke komplekse data om oppveksten, dei sosiale forholda, ernæringa og helseforholda til ei gruppe.