Høybuktmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°43′29.9″N 29°53′11.3″E Høybuktmoen (nordsamisk: Nuvvosguolbba) ligg i Sør-Varanger kommune, tolv kilometer frå Kirkenes, og er for tida standkvarter for Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) og Øst-Finnmark Heimevernsdistrikt 18. Her ligg også Kirkenes lufthamn som har daglege flyavgangar til Tromsø, Oslo og andre byar i Finnmark.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den første innkvarteringa bestod av gammar og var i frå opprettinga av GSV i 1921.

Det vart vedteke i 1946 at ein skulle byggje opp ein ny leir ved den tysk-bygde flyplassen. Fyrste delen av bygginga stod ferdig i 1951. I ettertid har det vore ein del nybygging, mellom anna av ein ny idrettshall. Grenseposten er leirmagasinet i leiren.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]