Sør-Varanger kommune
| Sør-Varanger kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 2030 |
| Fylke | Finnmark |
| Adm.senter | Kirkenes |
| Areal | 3 967 km² |
| Folkemengd | 9 883 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Linda Beate Randal (Ap) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.svk.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Sør-Varanger kommune på Commons | |
Sør-Varanger kommune ligg i det nordaustre hjørnet av Finnmark fylke og grensar i vest til Nesseby kommune, i aust til Petsjenga i Russland og i sør til Enare i Finland. Klimaet er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.
Næringsliv [endre]
Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.
Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.
Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.
Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.
Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes, og fleire land har honorære konsular i byen.
Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.
Folketalsutvikling [endre]
Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.
Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 4876 | 7590 | 7993 | 8921 | 10186 | 10482 | 10447 | 9693 | 9498 | 9738 |
Tettstader i kommunen [endre]
- Bjørnevatn - 2 493 innbyggjarar (2012)
- Hesseng - 1 736 innbyggjarar (2012)
- Kirkenes - 3 444 innbyggjarar (2012)
Kjende personar frå Sør-Varanger [endre]
- Grete Haagenrud, forfattar
- Per Oskar Kjølaas, biskop i Nord-Hålogaland
- Bendik Rugaas, tidl. nasjonalbibliotekar og planleggings- og samordningsminister
- Vegard Ulvang, skirennar
Venskapsbyar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sør-Varanger kommune sine heimesider
- Sør-Varanger bibliotek
- Turistinformasjonen
- Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen
Systerprosjekt [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Sør-Varanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Finnmark | ||
|---|---|---|
| Alta · Berlevåg · Båtsfjord · Gamvik · Hammerfest · Hasvik · Karasjok · Kautokeino · Kvalsund · Lebesby · Loppa · Måsøy · Nesseby · Nordkapp · Porsanger · Sør-Varanger · Tana · Vadsø · Vardø | ||