Garnisonen i Sør-Varanger
| Garnisonen i Sør-Varanger | |
|---|---|
Vargen, symbolet til GSV |
|
| Aktiv | 1. juli 1921–no |
| Land | Noreg |
| Grein | Hæren |
| Rolle | Vakte den 196 km lange norskegrensa mot Russland |
Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) er ein militærleir som ligg på Høybuktmoen i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Leiren er underlagd Hæren og består av Grensekompani Utdanning (GrKp/U), Garnisonskompaniet (GaKp) og Grensekompaniet (GrKp). Grensekompaniet deltek i vakthaldet av den norsk-russiske grensa. Sjef på GSV er per 2013 var oberstløytnant Jan Sigmund Østbø.
Garnisonen i Sør-Varanger gir ut leiravisa Grenseposten.
Innhaldsliste |
Tenesta ved GSV [endre]
Tenesta ved Garnisonen i Sør-Varanger er delt i to fasar på eit halvt år kvar: Opplæringsfasen og tenestefasen. Alle vernepliktige gjennomgår seks veker med rekruttskole i GrKp/U. Etter rekruttskulen blir ein del av soldatane overført til GaKp der dei gjennomfører resten av tenestetida. Dei resterande soldatane blir verande i GrKp/U og blir utdanna til grensejegerar. Etter eit halvårs utdanning, blir grensejegerane sende ut til grensa for å gjennomføre eit halvårs teneste ved ein av dei seks grensestasjonane. Her skal dei overvake og kontrollere den 196 km lange grensa mot Russland.
Kompania [endre]
Grensekompani Utdanning [endre]
GRKP/U er utdanningskompaniet på GSV Utdanningsperioden i kompaniet er seks månader som gir dei vernepliktige opplæring innanfor spesifikke disiplinar som:
- Patruljeførar
- Speidar
- Sanitet
- Samband
Per 2009 bestod GRKP/U av fire troppar og kvar tropp hadde fem lag.
Garnisonskompaniet [endre]
GAKP er kompaniet som driftar leiren. I GAKP er det tre troppar:
- Stabstropp - Vakt og sikring, proviant, PIO (presse og informasjon) og velferdsassistentar.
- Trentropp (transport) - Transport av utstyr og personell, og postbud.
- Sambandstropp - Drifter operasjonssentralen, og vedlikeheld sambandet langs grenselinja.
Grensekompaniet [endre]
GRKP er kompaniet som i hovudsak blir forbundet med grensevakta GSV, da det er desse mannskapa som patruljerer grenselinja og omgåst sivile og turistar. Grensekompaniet løyser GSV sitt oppdrag på vegner av politiet, og viser nærvær for å hevde norsk suverenitet.