Hiv/aids

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HIV/AIDS)
Gå til: navigering, søk
Symbolet for kampen mot aids

HIV står for Human Immunodeficiency Virus/menneskeleg immunsviktvirus og er eit retrovirus i lentivirus-gruppa. Over tid fører HIV-infeksjon dersom den ikke behandles i dei aller fleste tilfella til sjukdommen/tilstanden AIDS (Acquired Immuno Deficiency Syndrome/tileigna immunsviktsyndrom), som er ein tilstand med svært svakt immunforsvar. Om ikkje lenge, er AIDS truleg den epidemien som har drepe flest menneske i historisk tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

AIDS vart først omtala i juni 1981, men ein meiner at HIV oppstod for 50-75 år sidan i Vest- eller Sentral-Afrika. Eit HIV-liknande virus som kan vera forløparen til HIV, er funne hos grønapar. Medan viruset fanst hos apar, utvikla det seg slik at det kunne smitte menneske og spreidde seg deretter raskt.

Smittemåtar[endre | endre wikiteksten]

HIV kan smitte mellom menneske på mange ulike måtar. Dei vanlegaste er:

  • Seksuell smitte (via sekret), både ved heterofil og homofil sex. Kvinner er biologisk meir utsett for smitte enn menn. Risikoen aukar ved skada slimhinner, t.d. på grunn av kjønssjukdommar.
  • Blodoverføring med infisert blod. I Noreg skal likevel alt blod vera testa.
  • Via sprøyter eller sprøytespissar. Dette er ein vanleg smittemåte hos narkomane.
  • Frå mor til barn under svangerskap eller fødsel.
  • Frå mor til barn ved amming.

Viruset finst i spytt, men det er ikkje påvist at det har smitta ved t.d. tungekyss. HIV smittar ikkje ved vanleg sosial omgang, bruk av felles dosete eller felles handduk.

Sjukdomsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Hiv som trengjer ut av ei celle for å spreie seg vidare

Viruset infiserer CD4-cellene (T-hjelparane, CD4-T-lymfocyttane), som er ein svært viktig celletype i immunforsvaret. CD4-cella gjer kort sagt at det blir auka mengde (oppformering) av dei typane B- og T-lymfocyttar som motarbeider virustypar som dei oppdagar har infisert celler i kroppen. Dei «dirigerer» altså innsatsen til immunforsvaret.

Like etter infeksjonen, får ein visse symptom, men desse varierer mykje. Dei kan likne på dei ein får ved influensa eller hjernehinnebetennelse. Deretter følgjer ein fase der det kan synast som ein har vorte frisk, den klinisk latente fasen. Her blir CD4-cellene gradvis drepe. Til slutt vil kroppen miste kontrollen, immunforsvaret er så svakt at ein kallar tilstanden aids.

Det er få som døyr av AIDS i seg sjølv, men andre sjukdommar får lettare overtaket når ein har svekka immunforsvar, og det er som oftast desse ein døyr av. Alle infeksjonar kan medføre ein stor risiko når kroppen har nådd AIDS-fasen. Særleg er det mange dødsfall pga. tuberkulose (TB) i enkelte område av verda (t.d. Afrika), sidan ca. 1/3 av folka på jorda er smitta med tuberkulosebakterien. Utan aids er det 10% fare for at ein TB-smitta person blir sjuk i løpet av livet, med AIDS er det same fare for at han blir sjuk i løpet av eitt år.

Den klinisk latente fasen kan variere i lengde. Hos vaksne er han i gjennomsnitt rundt 10 år, hos ungar mykje kortare. Ein kan også merke seg at viruset berre spreier seg når CD4-cellene deler seg, og dette skjer berre når ein har ein annan infeksjon i tillegg (i Afrika t.d. malaria). Tilleggsinfeksjon gjer altså at ein raskare utviklar AIDS.

Hiv finst i to typar; HIV-1 og HIV-2. Det tar kortast tid før infeksjonen utviklar seg til aids med HIV-1, og dessverre er det også HIV-1 som er den vanlegaste typen.

Ein har i nokre få tilfelle sett at menneske som har vorte eksponert for hiv-smitte mange gonger, likevel ikkje har vorte sjuke. Denne resistensen vart først observert hos afrikanske prostituerte, og kjem truleg av ein mutasjon som gjer at HIV ikkje klarer å feste seg til CD4-cella og trengje inn i ho.

Vaksine, førebygging og behandling[endre | endre wikiteksten]

Det finst enno ingen vaksine mot AIDS. HIV muterer ofte, slik at det finst i svært mange variantar. Dette gjer det vanskeleg å laga ein effektiv vaksine. Organisasjonen AVAC samlar og held oversikt over forskningsarbeidet på AIDS-vaksine.

Ved seksuell omgang bør alltid kondom nyttast for å unngå smitte. Blod som skal brukast i blodoverføring, må testast på førehand. Eingongssprøyter er nyttige for å unngå smitte via sprøytespissar. For å unngå smitte frå mor til barn under svangerskap, finst det medikament som kan redusere faren. Dersom amming unngåast, bør ein vera klar over at morsmjølk også inneheld svært mange viktige næringsstoff og element som er viktige for immunforsvaret til ungen. I mange land er det derfor farlegare for ungen å ikkje amme enn å amme frå ei HIV-smitta mor.

Ein kan ikkje bli kvitt HIV-smitten, men antiviral behandling kan gjera at ein blir mykje seinare sjuk eller overlever (dvs. døyr av andre årsaker). Medikamenta som blir brukt, hindrar på ulike måtar spreiinga av viruset i eigen kropp. Det blir brukt fleire typar medikament samtidig, dette hindrar resistensutvikling og aukar sjansen for overleving.

Problematisk både i forhold til førebygging og behandling, er at mange ikkje veit at dei er smitta eller ikkje ønskjer å veta om dei er det. Ein viktig årsak til dette er stigma. HIV-test blir gjort gjennom ein blodprøve. Det tar litt tid etter infeksjonen (ca. tre månader) før HIV-smitten kan påvisast.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • HivNorge (Tidlegare Pluss - Landsforeningen mot aids)