Haag Nunataks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haag Nunataks
nunatak
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 77°0′S 78°18′W / 77.000°S 78.300°W / -77.000; -78.300
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Haag Nunataks
77°00′S 78°18′W / 77°S 78.3°W / -77; -78.3
Haag Nunataks is located in Antarktis
Haag Nunataks (Antarktis)

Haag Nunataks i Antarktis er ei gruppe av tre låge høgder som ligg frå nord til sør. Den dominerande, sentrale nunataken og den sørlege høgda har bergframspring, medan den mindre høgda er heilt snødekt. Fjella vart oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (1947–48), leia av Finn Rønne, som namngav dei «Mount Haag» etter Joseph Haag, direktør i Todd Shipyards i New York, som arbeidde på ekspedisjonsskipet. Flyfoto tekne av U.S. Navy-skvadron VX-6 i 1966 syner at det er snakk om ei gruppe nunatakar, ikkje eit fjell og namnet vart endra av Advisory Committee on Antarctic Names.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haag Nunataks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Haag Nunataks» (innhald frå Geographic Names Information System).