VX-6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Air Development Squadron Six
Lockheed C-121J in flight 1965.jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Aktiv 17. januar 1955–31. desember 1968
Grein United States Navy
Type Test og evaluering
Rolle logistisk støtte
Del av Naval Air Systems Command
Garnison/HK Naval Air Station Quonset Point
Kallenamn «puckered penguins»
Fargar Halenummer XD (1955–1957)
Halenummer JD (1957–1969)
Kommandørar
Øvstkommanderande CDR Edward M. Ward, 1955–57[1]

CDR Vernon J. Coley, 1957–58[2]
CAPT William H. Munson, 1959–61[3]
CDR George R. Kelly, 1964[4]
CDR F.S. Gallup, Jr, 1965[5]
CDR Daniel Balish, 1967[6]
CDR Arthur F. Schneider, 1968[7]


Øvstkommanderande vinterstid CDR Gordon K. Ebbe, juni 1955–juni 1956[8]
LCDR Charles J. McCarthy, Ellsworth-stasjonen, 1957–58[9]
LCDR John K. Allison, 1959[10]
LCDR Louis L. Helms, 1961[11]
LCDR John A. Morton, 1964[12]
LCDR William E. Shockley, 1966[13]

LCDR David B. Eldridge, Jr., 1967[14]
Luftfartøy nytta
Rekogniseringsfly: P2V-2 Neptune, DHC-3 Otter
Transportfly: R4D Dakota, R5D Skymaster, LC-130 Hercules

Air Development Squadron Six (VX-6 eller AIRDEVRON SIX, ofte omtalt med kallenamnet «puckered penguins» (dei rynkete pingvinane)) var ein flyskvadron i United States Navy basert ved McMurdo-basen i Antarktis. Skvadronen vart oppretta ved Naval Air Station Patuxent River i Maryland den 17. januar 1955 og oppdraget var å utføre oppdrag til støtte for Operasjon Deep Freeze, som var eit ledd i United States Antarctic Program.

Med halenummeret XD, flaug skvadronen mange fly og helikopter under oppdraga, og fleire av desse var pionerreiser. Til dømes vart den første flyruta mellom Antarktis og New Zealand oppretta av mannskap og fly frå VX-6 i 1955. Åre etter vart det skiutrusta R4D Dakota frå VX-6 det første flyet som landa ved Sørpolen. I 1961 vart den første medisinske naudevakueringa på vinteren gjennomført frå Byrd-stasjonen til Christchurch. I 1963 utførte eit LC-130F Hercules frå VX-6 den lengste flyturen i antarktisk historie. I 1967 fullførte eit LC-130F frå VX-6 den første planlagte vinterflyinga til Antarktis og landa ved Williams Field.

VX-6 fekk det nye halenummeret JD i 1957 og fekk det nye namnet Antarctic Development Squadron Six (VXE-6) den 1. januar 1969. I løpet av dei 14 åra skvadronen eksisterte, omkom 17 sjømenn og marinesoldatar frå VX-6 i Antarktis under oppdrag for Operation Deep Freeze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ward Tower». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:18072. Henta 14. mars 2013. 
  2. «Mount Coley». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:2961. Henta 14. mars 2013. 
  3. «Mount Munson». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:10399. Henta 14. mars 2013. 
  4. «Kelly Plateau». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:7827. Henta 14. mars 2013. 
  5. «Gallup Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:5440. Henta 14. mars 2013. 
  6. «Balish Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:907. Henta 14. mars 2013. 
  7. «Schneider Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13395. Henta 14. mars 2013. 
  8. «Ebbe Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:4279. Henta 14. mars 2013. 
  9. «McCarthy Inlet». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:9638. Henta 14. mars 2013. 
  10. «Allison Glacier (Antarctica)». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:305. Henta 14. mars 2013. 
  11. «Helms Bluff». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:6625. Henta 14. mars 2013. 
  12. «Morton Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:10300. Henta 14. mars 2013. 
  13. «Shockley Bluff». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13761. Henta 14. mars 2013. 
  14. «Eldridge Bluff». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:4400. Henta 14. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]