Hadza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hadza
(Hadzabi, hadzapi, hatsa, kangeju, kindiga, tindiga, wakindiga)
Talarar: hadza
Bruk
Hadzatalande i alt: <1000
Språkkodar
ISO 639-3: hts

Hadza er eit språk som blir snakka av hadzafolk i Tanzania. Det har nokre hundre talarar; Ethnologue oppgjev til dømes at det finst 800 menneske av hadzaetnisitet (2000).[1]

Genetisk klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Den genetiske klassifiseringa av hadza er omstridd. Joseph Greenberg (1976) meiner hadza, i lag med sandawe, er khoisan-språk. Han kjem til denne konklusjonen på basis av eit relativt lite sett av delte etymologiar, og fonologisk likskap (alle desse språka har t.d. klikk-lydar). I seg sjølv er denne teorien plausibel, dei språka som skil hadza og sandawe frå (dei sørlege) khoisan-språka i Kalahari er bantuspråk for folk som har vandra inn i området nordfra for under 1000 år sidan. Andre reknar hadza som eit isolert språk.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Hadza har fem vokalar, [i e a o u]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Labial Dental Alveolar Palatal/
Postalveolar
Velar Epiglottal Glottal
sentral lateral sentral lateral enkel labialisert
Klikk Aspirert ᵏǀʰ ᵏǃʰ ᵏǁʰ
Tenuis ᵏǀ ᵏǃ ᵏǁ
Nasal ᵑǀ ᵑǃ ᵑǁ
Glottalisert nasal1 (ᵑʘˀ)1 ᵑǀˀ ᵑǃˀ ᵑǁˀ
Stop Aspirert kʷʰ
Tenuis p t k ʔ
Stemd b d ɡ ɡʷ
Ejektiv (pʼ)2
Aspirert prenasalisert mpʰ ntʰ ŋkʰ
Stemd prenasalisert mb nd ŋɡ ŋɡʷ
Nasal m n ɲ ŋ ŋʷ
Affrikat Aspirert t͡sʰ t͡ʃʰ c͡ʰ3
Tenuis t͡s t͡ʃ c͡3
Stemd d͡z d͡ʒ
Ejektiv t͡sʼ t͡ʃʼ c͡ʼ3 k͡xʼ4 k͡xʷʼ
Aspirert prenasalisert nt͡sʰ
Stemd prenasalisert nd͡z ɲd͡ʒ
Frikativ f s ɬ ʃ (ʜ)6
Approksimant ɾ ~ l5 j w ɦ


Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Hadza er eit språk med grammatisk genus. Substantiv høyrer til eitt av to genus, maskulinum og femininum. Genus er markert på kongruerande ord, men også på substantiva sjølv. På same måten som til dømes spansk er ein del av genussystemet i hadza farierande, ordet k//aʔano ‘hund’ er maskulin når det tyder ‘hannhund’, eller ‘hund, uavhengig av kjønn’, med det er feminin (med suffisk -ko) for å vise til tispe. For eit substantiv der utgangsgenus er feminin, blir tilhøvet mellom dei to genera omvendt, doŋgo-ko er feminin, og kan tyde både ‘ei sebrahoppe’ og ‘ein sebra’, mens doŋgo berre kan tyde ‘ein sebrahingst’.

I hadza er substantiv som viser til menneske av begge kjønn enten maskulinum eller femininum, mens substantiv som viser til kvinner er feminine, og omvendt. Ord for kjøttetande dyr er maskuline, mens ord for store, tamme gras-etarar er feminine. For fuglar er det vanskeleg å finne klåre tendensar, men når det gjeld insektar og slangar er det ei klassifisering etter form: Ord for slangar og lange, tynne insekt er maskuline, mens edderkoppar og termittar er feminine. Tre, plantar og etande vekster er feminine, det same er plantedelar og frukt og ber.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Edenmyr, Niklas 2004: The semantics of Hadza gender assignment: a few notes from the field. Africa & Asia No 4, pp. 3-19.
  • Sands, Bonny E. (1998) 'The Linguistic Relationship between Hadza and Khoisan' In Schladt, Matthias (ed.) Language, Identity, and Conceptualization among the Khoisan (Quellen zur Khoisan-Forschung Vol. 15), Köln: Rüdiger Köppe, 265-283.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hadza ved ethnologue.com