Klikkelyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilabialt klikk, klikk laga ved å pressa leppene mot kvarandre, uttalt med a: [ʘa aʘa].
Alveolart lateralt klikk, [ǁa: aǁa:].
Postalveolart dentalt klikk, [ǃa: aǃa:].
Palatoalveolart klikk, [ǂa: aǂa:].

Klikkelydar er konsonantar som blir danna ved at ein dreg luft inn i munnen og dannar sperringar, til forskjell frå dei fleste andre lydar som blir danna av ein luftstraum frå lungene. Lydane som blir danna på denne måten kan vera som klikk, smatt eller innsug. Dei blir brukt over store delar av verda som enkeltståande lydar, til dømes for å uttrykka at noko er synd, få dyr til å gå eller etterlikna hestar. Elles er dei uvanlege i språk, bortsett frå i sørlege Afrika, der dei finst i khoisanspråk og i enkelte bantuspråk, som zulu og xhosa.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Det internasjonale fonetiske alfabetet har symbol for bilabialt, dentalt, alveolart, postalveolart og alveolart lateralt klikk. For klikkelydar elles bruker ein uoffisielle symbol. Tabellen viser både offisielle og uoffisielle symbol for dei klikkelydane ein har registrert:

Bilabial Dental Alveolar Retrofleks Palatal
Sentral ʘ ǀ ǃ ǂ
Lateral ǀǀǀ ǁ ǂǂ
Flapp ǃ¡

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«klikkelyd» i Store norske leksikon, snl.no.