Hakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig.1 Pikhakke.
Fig. 2 Flåhakke.

Hakke er ein landbruks- og anleggsreiskap som vert nytta for å løysa opp jord og sand, fjerna stein og røter, og liknande arbeid. Reiskapen er laga av stål og har treskaft. Flåhakker (fig. 2) høver nytta for å flå av torv, medan pikhakker (fig. 1) vert nytta i hard grunn. Før mekaniseringa av landbruk og anleggsarbeid var hakker mellom dei viktigaste reiskapane. Til dømes ved grøfting måtte jord og stein hakkast laus før ein kunne kasta opp jorda med spade.