Greip
Greip er ein spadeliknande handreiskap med tindar istaden for tett blad, slik at reiskapen fungerer som ein gaffel. Han vert nytta innan jordbruk, hagebruk og gartneri for å for å løyse opp jorda, handsama husdyrmøkk, kompost og anna gjødning, for å grave opp og handsama potetar og liknande. Høygaffelen, som vert nytta til å handsame gras og høy, er ein liknande reiskap.
Dei eldste greipene var laga av tre, medan dei i dag vert laga av stål. Den eldste greipen i Noreg som er teke vare på, vart funne i vikingtidsgrava som romma Osebergskipet, og var skåre ut i eitt stykkje tre med to tindar.
Ordsoge [endre]
Ordet greip kan brukast både i hannkjønn, hokjønn og i inkjekjønn - både ein, ei og eit greip er god norsk. Ordet greip har språkleg samanheng med ordet «å gripe»[1].
Annan bruk av ordet [endre]
Med uttrykket «det heng ikkje på greip» meiner vi at det ikkje er hald i ei utsegn.
Kjelder [endre]
|
|
|
|---|---|
| Jordarbeiding, planting og såing | |
| Gjødsling og vatning |
Greip · Bøtte |
| Innhausting | Ljå · Sigd · Slegel · Soll · Høygaffel · Rive · Lauvkniv |
| Husdyrstell | Råkkå · Bøtte · Hakkelsesmaskin · Rotfruktkvern · Soplime · Separator · Kinne |