Separator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handseparator på museum i Finland.
Skisse av ein Westfalia-separator for separering av mjølk på garden

Ein separator er eit apparat som ved hjelp av sentrifugalkraft skil to væsker som ikkje er løyselege i kvarandre, til dømes olje og vatn. Ordet separator kjem frå latin separo som tyder 'skilje'.

Separering av mjølk[endre | endre wikiteksten]

Snitt-teikning av Westfalia-separator, ca. 1935

Separatoren blir mellom anna brukt til å skilje fløyte frå mjølk. Skummamjølka har større masse enn fløyten og vert kasta mot ytterkanten, slik at fløyten vert pressa inn mot sentrum. I dei første separatorane måtte fløyten skummast av for hand. Den kontinuerlege separatoren vart konsturert i 1878 av L.C. Nielsen i Danmark og Gustaf de Laval i Sverige, som fann han opp uavhengig av kvarandre. Separatoren vart forbetra fram mot 1890 med separatorkula (Alfa-innsatsen), som var kjernen i Alfa-Laval-separatoren. Separatorkula har ein stabel tynne skåler med små mellomrom, desse roterer i sentrifuga og skil fløyten frå skummamjølka. Framstilling av separatorar vart storindustri i Sverige, og Alfa-Laval vart den største produsenten. Andre store produsentar var tyske Westfalia og Diabolo.

Separering på gardane[endre | endre wikiteksten]

Krona med skruven som justerer feittinnhaldet i fløyten. Fabrikkinnstilling gjev 12 % feitt.

Ein handriven separator har kapasitet på frå 100 til 600 liter mjølk for timen. Mjølka bør vere kuvarm eller lydd til vel 30 ˚C før ho blir helt i bollen. Så kan ein starte sveivinga, og ei bjølle gjev lyd om farten er for låg eller for høg. Når farten er rett, opnar ein slik at mjølka renn ned gjennom kula. Etter kort tid kjem fløyten ut av ein tut og skummamjølka ut av ein annan. Feittinnhaldet i skummamjølka vert større om mjølka er kald. Feittinnhaldet i fløyten kan regulerast med ein skrue på separatorkrona.

Mot hundreårsskiftet var separatoren folkeeige i det norske landbruket, og i 1939 var det kring 125 000 separatorar i landet. I vår tid skjer nesten all kommersiell foredling av mjølk på meieria, men det finst nokre få gardar som leverer smør til meieriet eller har produksjon av mjølkeprodukt for sal frå garden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Westfalia, brukarhandbok for separator (ca 1935)
  • Kunnskapsforlaget, Store norske leksikon
  • Svensk Wikipedia
  • Inge Krokann: Det store hamskiftet i bondesamfunnet, Det norske samlaget, 1976.