Hanna Isaachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanna Isaachsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1861
Horten kommune
Død

13. juli 1929 (68 år)

Yrke politikar, skribent, redaktør, kvinnesaksforkjemper
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Hanna Isaachsen (1. mai 186113. juli 1929) var ein norsk barnepsykolog, forfattar, redaktør og kvinnesaksaktivist. Ho var ein periode styremedlem i Norsk Kvinnesaksforening og leiar av Kvindernes Vælgerforening.[1] Ho var også den fyrste norske kvinna til å vere ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hanna Isaachsen var dotter av kommandør Isak Tobias Isaachsen (1834–1893) av slekta Willoch og Fredrikke Andrea Rude. Ho blei gift 7. desember 1882 i Kristiansand[2] med broren til faren, jarnbaneingeniøren Einar Isaachsen Willoch (1841–1921), som også var bror av målaren Olaf Isaachsen. Dei var foreldre til blant andre marineoffiseren Odd Isaachsen Willoch (1885–1940), og besteforeldre til politikareb og statsministeren Kåre Isaachsen Willoch, høgsterettsadvokat og luftfartsdirektøren Erik Isaachsen Willoch (1922–1991) og ingeniøren Jan Isaachsen Willoch (1924–2001).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I oktobernummeret av tidsskriftet Husmoderens i 1898 blei lesarane oppfordra til å skrive om sine erfaringar med oppsedinga av gutar. Isaachsen skreiv fleire artiklar om emnet, og i 1900 samla ho desse i utgjevinga Vore gutter – om opdragelse, som vart gjeven ut på Aschehoug.[3]

Isaachsen var ein aktiv kvinnesaksforkjempar, med styreverv i Norsk Kvinnesaksforening og leiarverv i Kvindernes Vælgerforening[4] og i Norske Kvinners Nasjonalråd.[5] Ho stilte som delegat for foreininga ved fredskongressen i Haag i 1919.[6] Ho var involvert i Norges fredsforening, og redaktør for foreininga sitt magasin Folkefred.[7] Isaachsen var medlem i Oslo Kvinneparti,[8] og involvert i Kvinderness læseværelse i Drammen.[9]

I 1906 var Isaachsen den fyrste norske kvinna som var ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting.[10] I 1915 var ho medlem av den norske delegasjonen til kongressen Internasjonal kvinneliga for fred og fridom.[11]

I 1920 gav Isaachsen ut romanen Blodets baand.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1900: Vore gutter – om opdragelse, Aschehoug, Kristiania
  • 1920: Blodets baand, Steen, Kristiania/København

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lønnå, Elisabeth (1996). Stolthet og kvinnekamp. I samarbeid med Norsk kvinnesaksforening. s. 59. ISBN 8205244952. 
  2. "Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7RK-2MJ : 20 February 2020), Hanna Isaachsen in entry for Einar Isaachsen, 1882.
  3. Isaachsen, Hanna (1900). Vore gutter. Aschehoug. 
  4. Norske kvinder. Berg & Høgh. 1925. 
  5. Dagbladet 1923.06.07. 1923. s. 1. 
  6. Norges Kvinder 1926.03.27. 1926. s. 2. 
  7. Akershus Amtstidende 1920.08.14. 1920. s. 1. 
  8. Fosshaug, Lene (1989). Ubuden gjest i lukket selskap. [L. Fosshaug]. 
  9. Nylænde. Foreningen. 1903. s. 128. 
  10. Tvedestrandsposten 1906.10.17. 1906. s. 3. 
  11. Norsk gruppe av Internasjonal kvinneliga for fred og frihet 1915-1940. [Internasjonal kvinneliga for fred og frihet]. 2015. s. 9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]