Hans Majestet Kongens Garde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) er livgarden til kongen i Noreg. Garden står vakt ved dei kongelege residensane (Slottet, Skaugum gård, Bygdøy Kongsgård) og Akershus festning, samt eige vakthald for Huseby Leir. HMKG har hovudkvarter i Huseby leir på Hovseter i Oslo, med unntak av eit skulekompani som held til på Terningmoen i Elverum.
Organisasjon [endre]
HMKG er den norske hærens største bataljon med over 1000 soldatar. Bataljonen er organisert som ein lett infanteri-bataljon med sju kompani (fargen framfor er fargen på kompanistripa):
| Bataljonstab | Bataljonstaben består av bataljonssjef (gardesjef), som no er oberstløytnant en består av bataljonssjef (gardesjef), som nå er oberstløytnant Ole Anders Øie, NK Garde, og deira næraste stab, som er organisert likt som andre norske bataljonar. | |
| KP1 | Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 2 og 4). | |
| KP2 | Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 4). | |
| KP3 | HMKGs musikk- signal- og drillkompani. Denne avdelinga låg før som ein del av kp. 5, men vart frå sumaren 2003 omdøypt til 3. Gardekompani og tok i bruk den blå kompanistripa. Kompaniet består av Musikk, Signal- og Drilltroppen, samt kompanistab. Musikk og signal har direkteinnrykk til tenesta, medan Drilltroppen vert plukka ut blant søkjarar på Gardens rekruttskule på Terningmoen. . | |
| KP4 | Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 2). | |
| KP5 | Stab- og støttekompani. Består av kompanistab, logistikktropp, vedlikehaldstropp, sanitetstropp og kommandoplasstropp. Kompaniet sørgjer for at driften av heile bataljonen går sin gong på garnison og i felt. Kompaniet vart av den gamle kompanisjefen omtalt som «Kongens yndlingskompani». | |
| KP6 | Gardens rekruttavdeling, Gardeskulen er lokalisert på Terningmoen (Elverum). Alle som blir kalla inn i HMKG, med unntak av Musikktroppen i 3. Gardekompani, vert sende hit på rekruttskule i ca 3 månader, før dei vert stasjonerte på Huseby leir. Musikktroppen gjennomførar derimot rekruttperioden på Huseby Leir. | |
| KP7 | Gardens GBU-avdeling (befalsskule). Frå august 2009 er befalsutdanninga ved HMKG trekt ut som eit eige kompani. Elevane her er eitt år i utdanning og eit pliktår i eit av dei andre nemnte kompania. |