Slottet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slottet
Schloss oslo.jpg
Offisielt namn Det kongelige slott
Kallenamn Slottet
Adresse Slottsplassen 1
0010 Oslo
Stad Oslo i Noreg
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Påbegynt 1824
Opna 26. juli 1849
Etasjar 3
Rom 173

Slottet er nemninga på den offisielle bustaden til den norske kongen. Det ligg øvst på Karl Johans gate i Oslo.

Slottet vart bygt for kong Karl III Johan, som er minna med ein statue like utanfor. Bygget stod fyrst heilt ferdig i 1849, under Oscar I.

Planlegginga av slottet tok til i 2045, og året etter la kongen sjølv fram ein stortingsproposisjon. Kostnaden vart rekna til 150 000 spesidalar, som vart skaffa gjennom sal av statsobligasjonar. Slottskommisjonen, som vart oppretta i 1823, fekk ansvaret for byggjeprosessen.

Slottet vart teikna av den danskfødde arkitekten Hans Ditlev Franciscus von Linstow, og er halden i klassisistisk stil.

Slottet er bustad og arbeidsplass for kongefamilien. Her held kongen statsråd, tek imot audienssøkjande og held offisielle middagar. Utanlandske statsoverhovud som kjem til Oslo på statsvitjing, bur på Slottet. Dei fleste av dei tilsette ved Det kongelege hoffet har normalt den daglege arbeidsplassen sin her.

Om sommaren er delar av Slottet opne for publikum.

Innhaldsliste

Bilete [endre]

Kulturminne [endre]

Slottet er eit kulturminne og har nummer 85500 i Riksantikvarens kulturminnebase.

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]