Happy Human

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Happy Human»

Happy Human (på norsk humanistsymbolet) er eit sekulært ikon og det offisielle symbolet til International Humanist and Ethical Union (IHEU), verdsorganisasjonen for livssynshumanismen. Det er òg teke i bruk av mange humanistiske organisasjonar og individ verda over, inkludert Human-Etisk Forbund i Noreg.

Symbolet vart valt på 1960-talet, etter ein konkurranse organisert av den britiske humanistorganisasjonen. Vinnardesignet er laga av Denis Barrington. Opphavsretten til symbolet har British Humanist Association, men dei gjev fridom til bruk av symbolet til humanistiske organisasjonar verda rundt. Mange humanistorganisasjonar brukar dette symbolet, eventuelt i noko endra form.

Det var det dåverande Human-Etisk Ungdomsforbund som først tok i bruk symbolet i Noreg i sitt blad Humanus i 1966. Symbolet blei tatt i bruk av Human-Etisk Forbund seinare same år.

Nokre organisasjonar som brukar Happy Human[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]