Harbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harbin (forenkla kinesisk 哈尔滨 tradisjonell kinesisk 哈爾濱, pinyin Hā'ěrbīn)
russisk Харбин, Kharbin)
by
none
Folketal 10 635 971 (2010)
Harbin-prefekturet i Heilongjiang og Heilongjiang i Kina.
Harbin-prefekturet i Heilongjiang og Heilongjiang i Kina.

Harbin er ein subprovinsiell by som er hovudstad i provinsen Heilongjiang i det nordaustlege Kina. Den subprovinsielle byen har eit areal på 53 068 km² og eit folketal på 9 873 743. Talet på innbyggarar innanfor bygrensene er 4 754 753. Elva Songhua renn gjennom byen.

Den subprovinsielle byen Harbin omfattar åtte distrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

Harbin er ein av Kinas vakraste byar. Han er kjent for sin russiskpåverka arkitektur og har fått tilnamnet «Orientens Moskva». Mange russarar har vore busett i byen, og han hadde også eit stort innslag av jødar. I 1920-åra kan det ha vore 20 000 jødar i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det moderne Harbin går tilbake til 1898 og Russlands utbygging av jarnbanenettet i denne delen av Kina. Fram til Russland leid nederlag under den russisk-japanske krigen (1904-05) var den russiske innverknaden svært sterk i Harbin. Sidan minka den, samstundes som 160 000 utlendingar frå 33 land strøymde til byen. Innvandrarane kom frå land som USA, Tyskland og Frankrike, og byen vart ein internasjonal metropol for industri, handel og finans.

Japan okkuperte Harbin frå 4. februar 1932. Sovjetarmeen erobra byen 20. august 1945. Kommuniststyrkar tok kontroll over byen i 1946, med eit usagt samtykke frå sovjetstyrkane som var stasjonert der. Industrianlegga i byen skulle spele ei viktig rolle for kommunistane og deira siger i den kinesiske borgerkrigen.

I november 2005 vart byen råka av eit benzen-utslepp, då ein eksplosjon førte til at store mengder av stoffet lak ut i elva som renn gjennom byen. Tilgangen på reint drikkevatn måtte dekkast ved at vatn i store mengder vart transportert inn til byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harbin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!